Reagerer på kommunal tildeling av midlar
11. november 2020
Seniorsenteret Husnes kjem!
13. november 2020
Vis alle

250.000 kroner frå sparebankstiftinga

– Dette er heilt fantastisk, seier styreleiar Ellinor Rein etter meldinga om ei gåve på 250.000 kroner.

SpareBank1-stiftinga viser samfunnsansvar og støttar Husnes Vekst og mange lag og organisasjonar gjennom gåvetildelingar. Her er styret i stiftinga (frå venstre): Dagleg leiar Daniel Morso, Magnhild Haugland, Gunnar Våge, styreleiar Svein Arne Eidsvik, Synnøve Solbakken og Jan Magnus Aasen.

(AV KRISTIAN HUS):  Gleda er stor i Husnes Vekst om dagen etter at SpareBank1-stiftinga Kvinnherad har ytt 250.000 kroner til organisasjonen. Pengane skal gå til trivselstiltak og ulike former for synleggjering av regionsenteret, blant anna oppussing av, og meir informasjon på nettsida.

– Dette er heilt fantastisk, seier styreleiar Ellinor Rein etter meldinga om ei gåve på 250.000 kroner. Den rause tildelinga frå sparebankstiftinga viser verkeleg at dei tek samfunnsansvar i denne vanskelege tida vi er inne i no. Det er vi svært takksame for, understrekar Rein, som samtidig håpar på at politikarane i Kvinnherad følgjer opp med gode tilskot til arbeidet for regionsenteret.

No kan Husnes Vekst endeleg få litt meir fart på arbeidet sitt igjen, seier Rein. Noko av pengane frå sparebankstiftinga skal gå til innkjøp av nye vimplar på stolpane like frå Hellandsbrua til KEST-bygget nærare sentrum. Informasjonsskilt i båthamna og ved rasteplassen på Stripo, skal òg på plass. Der vil turistar og andre få informasjon om ulike tilbod og aktivitetar i regionsenteret og dei næraste bygdene.

Nettside med turistinformasjon

Styret arbeider også med ei oppgradering av nettsida, og vil blant anna ha ein særskilt seksjon for reiseliv, der turistar og andre tilreisande kan finna informasjon om Husnes og bygdene ikring. Reiselivssatsinga kjem altså i tillegg til Husnes Vekst sitt arbeid med regionsenteret. Styret har sendt innspel til kommunen om dette og peika på mange kortsiktige og langsiktige tiltak som må setjast i verk.

– Det er mykje å ta fatt på, seier den energiske styreleiaren Ellinor Rein, og viser til ei liste med over 40 ulike tiltak, som skal få meir fart i reiselivet i heile husnesregionen. Men skal ein få gjennomført alt som er planlagt, er det ein føresetnad at kommunen følgjer opp økonomisk. Så langt tykkjer ikkje Rein og resten av styret at kommunen har vist særleg stor interesse for ansvaret dei har med å gjera Husnes til eit sterkt regionsenter.

– Styret i SpareBank1-stiftinga Kvinnherad ser på gåvene til lag og organisjonar i distriktet vårt, som ein del av samfunnsansvaret stiftinga har, seier styreleiar Svein Arne Eidsvik. Delar av aksjeutbytet som stiftinga får frå SpareBank1 SR-Bank er med på å løfta fram frivillig innsats i lokalsamfunnet, understrekar Eidsvik.