Innkalling til årsmøte
4. juni 2020
Vis alle

Arbeidet med regionsenteret må styrkjast

Husnes Vekst er glad for at Opsangervegen no er nær ferdigstilt og at parken og turvegen gir gode høve til rekreasjon i sentrumsnære område. (Arkivbilete)

Årsmøtet i Husnes Vekst meiner at arbeidet med å styrkja regionsenteret på ulike måtar må halda fram med fornya styrke. Det kjem fram i ei fråsegn frå årsmøtet i organisasjonen. I fråsegna heiter det òg at det er svært bra for regionsenteret at Aksen no endeleg er teke i bruk, og at fleire tenester er samla under same tak – og i sentrum av Husnes.

At det no også ser ut til at Seniortunet kan realiserast, vil ytterlegare styrkja sentrum med at det blir eit godt bu- og arbeidsområde, heiter det i fråsegna.

Men Årsmøtet peikar samtidig på forhold som ein er uroa over. Det gjeld spesielt utviklinga i folketal og alderssamansetjinga i Kvinnherad. Det er difor nødvendig at kommunen set fokus på to heilt konkrete tiltak i dei næraste åra. Det eine er etablering av nye arbeidsplassar, det andre er tilknytinga til omverda gjennom ein samferdslestrategi utan stadige omkampar.

Ellinor Rein er ny leiar i Husnes Vekst. (Privat foto).

Rekreasjon i sentrum
– Vi er glade for at Opsangervegen no er nær ferdigstilt og at parken og turvegen gir gode høve til rekreasjon i sentrumsnære område, heiter det vidare i fråsegna frå årsmøtet i Husnes Vekst. Det gler oss også at arbeidet med Kvinnherad Arena er i gang, og at idrettshallen skal ferdigstillast og gje større aktivitet i kommunen.

Når det gjeld etablering av arbeidsplassar, peikar Husnes Vekst på at det er viktig at det finst regulerte areal, som kan takast i bruk i løpet av kort tid. Difor vonar Årsmøtet at politikarane sin strategiske næringsplan blir nytta i dette arbeidet, og at kommunen og næringslivet arbeider i lag for å styrkja næringsutviklinga. 

– Statusen Husnes har som regionsenter må nyttast fullt ut til å få etablert nye arbeidsplassar med regionale og statlege oppgåver.

Samferdsle og god tilknytning til leverandørar og arbeidsmarknaden i Sunnhordland, er òg avgjerande for at vi skal kunna vidareutvikla heile kommunen og unngå at Kvinnherad blir ein «sovande» kommune. Husnes Vekst meiner difor at det er viktig at kommunen styrkjer arbeidet med å få realisert Sunnfast-sambandet snarast råd.

Nytt styre – ny giv
Ellinor Rein (leiar), Guttorm Røssland (nestleiar), Merethe Moe Røssland (kasserar/sekretær), Elin Stene, Per Henrik Opdal, Håkon Røstbø og Oddmund Skår er med i det nye styret. Jostein Tjeldflåt er varamann og møter fast.

Styret har allereie avvikla sitt første møte og vil utover hausten ta tak i mange konkrete oppgåver, blant anna korleis ein skal få organisasjonen opp å gå igjen. For å kunna utvikla Husnes som eit attraktiv, framtidsretta og sterkt senter, må det setjast i gang prosjekt som kan løfta bygda på fleire område, meiner det nye styret. Dei vil dessutan få klarlagt kommunen sine plikter i høve til regionsenteret.

Det nye styret vil òg arrangera folkemøte, der planane for eit meir aktivt Husnes Vekst skal presenterast. Styret håpar også å få innspel til arbeidet sitt, og ber om synspunkt på kva som er viktig.