Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11
  • Heim
  • Om oss
    • Arbeidet vårt
    • Visjonen vår
    • Historien
    • Styret
    • Dokument
  • Medlemskap
  • Om Husnes
    • Fakta
    • Historien
    • Mat og overnatting
  • Nyhende
  • Lenkjer
Fin tursti ved Opsangervatnet
10. april 2018
Politisk idédugnad om Husnes
24. april 2018

Nytt liv i gammal turveg-idé

17. april 2018

Ein samanhangande turveg rundt Opsangeratnet er rekna til å bli om lag ni kilometer lang. (Flyfoto: Olav Yttredal)

Ein samanhangande turveg rundt Opsangeratnet er rekna til å bli om lag ni kilometer lang.
(Flyfoto: Olav Yttredal)

Då den nye turvegen på Husnes blei opna og teken i bruk for nokre veker sidan, kom òg den gamle idéen om ein liknande veg rundt heile Opsangervatnet opp på nytt.

– Eit slikt prosjekt hadde vore fantastisk å fått til, seier ein ivrig turentusiast.

Det var Husnes Vekst som lanserte idéen om turveg rundt vatnet allereie på slutten av 1980-talet, og organisasjonen hadde endåtil prosjektet med i aktivitetsplanen sin i nokre år. Men så langt vi kjenner til i dag, kom det aldri noko konkret ut av planane. Det blei med tanken. Om grunneigarane nokon gong har vore inne i biletet, veit vi heller ikkje.

Ni kilometer

Det som er sikkert, er at totallengda på ein mogleg gangveg rundt vatnet blir om lag ni kilometer lang, grovt rekna. Og legg vi til grunn same meterprisen som den nye vegen på Husnes har kosta (eks. dugnadsinnsats) kan det vera snakk om ein kostnad på rundt 90 millionar kroner. Det er bortimot uløyseleg, etter det vi kan forstå.

Men så må det samtidig også seiast at frå Teigen via nordenden på Opsangervatnet og til vidaregåande skule går traséen på eksisterande veg/sti. Dermed blir lengda med ny veg langt mindre.

– Eit slikt prosjekt hadde vore fantastisk å fått til, seier ein ivrig turgåar. Han meiner prosjektet bør kunna delast opp i fleire etappar, og ta steg for steg etter kvart som finansieringa kjem på plass.

Om 10 år vil vi vera i mål, seier turentusiasten. Men nokon må ta grep, legg han til.

kh

Turveg rundt heile Opsangervatnet er realistisk å få til, rett nok over fleire år.

Husnes Vekst

Husnes Vekst er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes Vekst arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

Kontakt

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

post@husnesvekst.no
Kontonr.: 3520.67.57254
Org. nr.: 971 356 545

Siste artiklar

  • Ny optimisme på Husnes
    18. mars 2021
  • Innkalling til årsmøte
    5. mars 2021
  • Arne Alsaker er død
    4. mars 2021
  • Ber om støtte til marknadsføring av regionsenteret
    16. november 2020
  • Seniorsenteret Husnes kjem!
    13. november 2020
  • 250.000 kroner frå sparebankstiftinga
    12. november 2020
  • Reagerer på kommunal tildeling av midlar
    11. november 2020
  • Ny veg vil utløysa 40 dekar byggjeland
    11. august 2020
  • Arbeidet med regionsenteret må styrkjast
    5. juli 2020
  • Innkalling til årsmøte
    4. juni 2020

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

E-post: post@husnesvekst.no
Kontonummer: 3520.67.57254
Org. nr. 971 356 545