Husnes Vekst vil ha ferje Sunde – Jektevik
12. desember 2017
No blir det årsmøte
23. februar 2018
Vis alle

Husnes Vekst gratulerer

Hydro doblar produksjonen. Det gjev 90 nye arbeidsplassar.

– Gratulerer, Kvinnherad, dette er ein strålande dag! Det seier styreleiar i Husnes Vekst, Åsmund Kåre Rørvik til Kvinnheringen. Han har aldri vore i tvil om at oppstarten av B-hallen ville koma. For Hydro Husnes har ein fantastisk arbeidsstyrke, samtidig som bedrifta har vore svært veldriven.

Rørvik gjer seg til talsmann for heile samfunnet og takkar Hydro-leiinga som har teke avgjerda om utviding av produksjonen. Samtidig rosar han dei tilsette som har gjort ein stor innsats i dei tøffe åra som har vore etter at hallen blei stengt i 2009.

– Deira innsats fortener verkeleg sin del av æra for at det no lysnar att, legg Husnes Vekst-leiaren til.

Begeistra

Silvia Tofte i Kvinnherad Næringsservice er òg svært begeistra for meldinga som kom torsdag morgon. Først gratulerer ho Hydro sine tilsette på Husnes med arbeidet dei har gjort. Dinest ønskjer ho dei lukke til med jobben dei skal gjera framover.

– Dette er heilt fantastisk, og svært viktig for Kvinnherad, seier Tofte.

Med det tenkjer ho både på oppgraderinga som skal gjerast på aluminiumverket i forkant, som opnar for moglege oppdrag for underleverandørar. I tillegg kjem mange nye arbeidsplassar på sjølve verket når B-hallen kjem i drift igjen.

Tofte peikar òg på optimismen dette skapar, og som gir ringverknader til handelsnæringa og for dei som driv med bustadutvikling blant anna.

– Arbeidsplassar har jo vore ei utfordring i Kvinnherad, og særleg dette med å finna jobb til begge to i eit parforhold har ikkje vore så lett. No ser det langt lysare ut, seier Silvia Tofte til avisa.

Senterleiar Geir Jakobsen i Husnes Storsenter tykkjer det er «steinbra» at Hydro no skal dobla produksjonen og at dei skal tilsetja 90 nye medarbeidarar. Vi har visst at det ville koma ein gong, men har liksom ikkje våga heilt å tru på det, seier senterleiaren.

(Kjelde: Kvinnheringen)