Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11
  • Heim
  • Om oss
    • Arbeidet vårt
    • Visjonen vår
    • Historien
    • Styret
    • Dokument
  • Medlemskap
  • Om Husnes
    • Fakta
    • Historien
    • Mat og overnatting
  • Nyhende
  • Lenkjer
Klart for ny badesesong i Borvika
15. juni 2017
Husnes Vekst vil ha ferje Sunde – Jektevik
12. desember 2017

No kan sommaren koma!

22. juni 2017

– No blir det bra i Borvika, seier Finn Are Berntzen.

Totalt femten stilte opp på dugnaden torsdag kveld. Her er 13 av dei.

Den årlege dugnaden med rydding og forskjønning av badestranda i Borvika vart gjennomført med stor iver tidleg torsdag kveld. Femten entusiastiske og miljøbevisste husnesingar i ulike aldrar stilte opp for å gjera Husnes si einaste offentlege badestrand fin og imøtekomande framfor sesongen.

Dugnadsleiar Brede Grønningen er godt nøgd med oppslutnaden. Han fortel endåtil at endå fleire arbeidsvillige gjerne ville vore med på dugnaden, men at dag og tid ikkje passa for alle. Men dei som møtte opp gjorde ein fin-fin jobb med å fjerna tang og tare i heile badestranda. I tillegg vart ein del anna rot, fjølendar og slikt fjerna og

Rune Hjelmeland var òg med på dugnaden. Bildet på framsida viser Finn Are Berntzen i aksjon.

gjort klart for bortkøyring.

– Så no kan sommaren berre koma, var omkvedet blant dei vi snakka med i Borvika under dugnaden. Her er i alle fall alt klart for folk som vil nyta sommar og sol og badeliv, la dei til.

Brede Grønningen seier på vegner av Husnes Vekst at det er svært bra at så mange stiller opp for å gjera det enno meir triveleg i regionsenteret Husnes. Friområda utanom sentrum skal òg vera fine og trivelege, seier han.
Grønningen trekkjer spesielt fram Øystein Andreas Ynnesdal, som på eige initiativ slår graset i Borvika når det er behov for det. Så her er mange entusiastiske folk, som kvar på sin måte vil vera med og løfta Husnes opp og fram, avsluttar dugnadsleiaren.

Det er Kvinnherad kommune som eig friområdet i Borvika, medan Husnes Vekst i mange år har sytt for vedlikehald av både stranda og toalettanlegget, som organisasjonen fekk bygt for nokre år sidan.

kh

Og så blei det kaffi og kaker servert av Even Teigen.

Husnes Vekst

Husnes Vekst er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes Vekst arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

Kontakt

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

post@husnesvekst.no
Kontonr.: 3520.67.57254
Org. nr.: 971 356 545

Siste artiklar

  • Ny optimisme på Husnes
    18. mars 2021
  • Innkalling til årsmøte
    5. mars 2021
  • Arne Alsaker er død
    4. mars 2021
  • Ber om støtte til marknadsføring av regionsenteret
    16. november 2020
  • Seniorsenteret Husnes kjem!
    13. november 2020
  • 250.000 kroner frå sparebankstiftinga
    12. november 2020
  • Reagerer på kommunal tildeling av midlar
    11. november 2020
  • Ny veg vil utløysa 40 dekar byggjeland
    11. august 2020
  • Arbeidet med regionsenteret må styrkjast
    5. juli 2020
  • Innkalling til årsmøte
    4. juni 2020

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

E-post: post@husnesvekst.no
Kontonummer: 3520.67.57254
Org. nr. 971 356 545