Husnes Vekst løftar blikket opp og fram
7. juni 2017
No kan sommaren koma!
22. juni 2017
Vis alle

Klart for ny badesesong i Borvika

Husnes Vekst er svært glad for jobben Brede Grønningen gjer i Borvika.

Sjølv om vi framleis ventar på dei gode sommartemperaturane, er det i alle fall snart klart for ny badesesong i Borvika. Denne veka er toalettanlegget vaska og reingjort og det er installert nytt WC i bygget, som Husnes Vekst eig – og har vedlikehaldsansvaret for. Torsdag 22. juni skal stranda ryddast for tang og tare og anna rusk som har kome inn i løpet av vintermånadene.

Nytt WC og anna nødvendig utstyr er på plass, men sjølve bygget treng ei skikkeleg rehabilitering, meiner Brede Grønningen.

– Det er Brede Grønningen i Husnes Røyr som nok ein gong har teke initiativ og utført heilt nødvendig vedlikehald av toalettanlegget i Borvika, fortel styreleiar Åsmund Kåre Rørvik. Brede har gjort ein fantastisk jobb, noko vi set stor pris på, seier Rørvik. Han og firmaet hans står verkeleg opp for Husnes, legg styreleiaren til. Denne veka deltok også sambuaren hans, Janne Krossøy i arbeidet med klipping av buskas rundt bygget og innvending vask.
Husnes Røyr har blant anna montert nytt WC og utført vedlikehaldsarbeid heilt utan kostnader for Husnes Vekst i fleire år. Det har til dømes vore nødvendig å skifta toalettet etter frostskader.

Brede Grønningen seier at han no vil syta for at toalettskåla ikkje frys om vinteren i åra framover. Men sjølve bygget er no i ein slik stand at det trengst ei skikkeleg rehabilitering, meiner han. Det må styret i samarbeid med kommunen finna ei løysing for.

Stort arbeid
Husnes Vekst har i mange år utført eit stort arbeid i Borvika, og var i si tid ein av pådrivarane for at det i det heile vart noka offentleg badestrand på Husnes. Organisasjonen har over ein 10-årsperiode også brukt mykje pengar på dette prosjektet, forutan at både KS Bank og seinare SpareBank1-stiftinga Kvinnherad har ytt midlar til oppgraderinga som har vore utført.
Husnes Vekst tok òg initiativet til bygginga av toalettanlegget og finansierte prosjektet med eigne midlar. Det same skjedde med badeflåten.
I dag er det Kvinnherad kommune som eig friområdet og slår graset om sommaren, medan Husnes Vekst organiserer dugnad. Mange av medlemmene i organisasjonen deltek med stor iver i dette arbeidet før badesesongen byrjar kvart år.

Om alt går slik Brede Grønningen har planlagt og trur, blir det ny dugnad torsdag 22. juni kl 18.

– Ta med rive og anna reiskap, er hans oppmoding til arbeidsvillige medlemmer og andre interesserte, som ønskjer å gjera Husnes si einaste badestrand fin og triveleg.

kh.