No kan det berre regna!
10. mai 2017
Det handlar om framtida for Husnes
22. mai 2017
Vis alle

Omframt årsmøte og medlemsmøte

Tysdag 6. juni blir det både omframt årsmøte og medlemsmøte i Husnes Vekst. Til årsmøtet ligg det føre forslag om å endra eit par punkt i vedtektene for organisasjonen. Etterpå skal styret informera om sakene det blir arbeidd med for tida. Her vil regionsentersaka stå sentralt, opplyser styreleiar Åsmund Kåre Rørvik.

Med bakgrunn i tidlegare utmeldingar i Husnes Vekst, samt ønskjet om å auka talet på medlemer, har styret drøfta både kven som kan vera medlemmer og storleiken på kontingenten, særleg for verksemder. Styret meiner det vil vera føremålstenleg å presisera i vedtektene at lag og organisasjonar kan vera medlemmer.

Endra kontingent

Styret legg òg fram forslag om å endra vedtektene i høve til storleiken på kontingenten for verksemder.
– Bakgrunnen for at styret ønskjer å fremja denne saka er attendemeldingar og erfaring om at verksemder med fleire tilsette finn det dyrt å vera medlem i høve til forventningane om kva ein får att, skriv styreleiaren i innstillinga si på vegner av styret.
Det er verdifullt at så mange verksemder som mogeleg er medlemer både for informasjonsutveksling, samarbeid om konkrete saker og å gje Husnes Vekst legitimitet, heiter det i innstillinga om vedtektsendringa.

Møtet skal vera på GryHelges måndag 6. juni klokka 19.00.

Klikk på lenkja nedanfor og les forslaget til vedtektsendring.

 

Innkalling til ekstraordinært årsmøte og medlemsmøte i Husnes Vekst