Rørvik ny leiar i Husnes Vekst
23. mars 2017
Omframt årsmøte og medlemsmøte
19. mai 2017
Vis alle

No kan det berre regna!

No kan vi snart gå tørrskodde forbi her.

No kan vi snart gå tørrskodde forbi her.

– Vatn har vi nok av i dette landet. Men vi kunne tenkt oss andre forhold når vi er ute og går eller køyrer på Husnes, som til dømes her i krysset mellom Bogsnesvegen og Skogvegen, skreiv vi på nettsida vår i november i fjor. Vi peika då på at regnvatn i mange år har samla seg i store dammar i vegen og skapt problem for både gåande og køyrande forbi staden.

No har kommunen teke tak i problemet og held for tida på med gravearbeid og leggjing av nye røyr i grunnen.

Dette blir bra! trur vi.

Slik såg det ut etter nokre dagar med regn i november 2016. (Foto: Kristian Hus).