Her trengst det avløp!
17. november 2016
Investerer over 30 mill på Husnes: 22 nye leiligheter – og ny hotelldrift
20. januar 2017
Vis alle

Ny idrettshall i 2019

Idrettshall1

Den planlagte nye idrettshallen på Husnes kan stå ferdig allereie i 2019. Det er klart etter at formannskapet har gjeve grønt lys for prosjektet.
Når kommunestyret også seier ja på julemøtet sitt, er det full fart framover.
Prisen på hallen er rekna til 85 millionar. Prosjektet har mangla 17 millionar for å vera fullfinansiert, men det ser no ut til å vera på plass, skriv Kvinnheringen.
– Både Høgre og Senterpartiet er innstilte på at vi vil fullfinansiera hallen i denne perioden, seier ordførar Peder Sjo Slettebø til avisa. Ordføraren reknar med at saka kjem opp og blir vedteken i budsjettmøtet i kommunestyret før jul, slik at prosjekteringa kan starta opp. Håpet er at hallen kan stå ferdig i 2019.
Slettebø har ilag med Knut Prestnes, Gunnar Våge og Merete Lillesand sete i styringsgruppa, som har fått utarbeidd eit forprosjekt.
Kommunen går inn med totalt 40 millionar til hallprosjektet. Resten vert finansiert av spelemidlar (15 mill.), dugnad, tilskot, gåver (13,5 mill.) og momskompensasjon (16,5 mill.).

Glad Trio-leiar
Leiar i Trio, Knut Prestnes, er glad for at det no ser ut som at finansieringa av den nye hallen snart er på plass.
– Ja, vi har fått klare meldingar frå fleirtalet om at kommunen bidreg med å fullfinansiera hallen. Det klare målet vårt er at den nye hallen skal vera oppe og stå sommaren 2019. Med eit sterkt engasjement frå kommunen er det eit realistisk mål, seier Prestenes.
Han meiner dette er eit spennande prosjekt, ikkje berre for idretten, men for heile Kvinnherad.
– Dette blir ei storstove som kan nyttast av mange til ulike ting, seier Prestnes. Han meiner den nye hallen vil føra til at skuleområdet blir bilfritt, og vil dermed gje betre trafikktryggleik.
– Dette er ei stor investering som vil skapa mykje positivitet, spår Knut Prestnes.

(Kjelde: Kvinnheringen)