Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11
  • Heim
  • Om oss
    • Arbeidet vårt
    • Visjonen vår
    • Historien
    • Styret
    • Dokument
  • Medlemskap
  • Om Husnes
    • Fakta
    • Historien
    • Mat og overnatting
  • Nyhende
  • Lenkjer
Kommunal bustadpakke med 20 husvære
27. september 2016
Her trengst det avløp!
17. november 2016

Eit steg framover for fleirbrukshallen

14. oktober 2016
Idrettshall1

Signe Torill Skogseth har teikna den nye storhallen på Husnes. Johnny Normann har laga 3D-teikningane. (Klikk på bildet for full storleik)

Forprosjektet for den planlagte fleirbrukshallen på Husnes er no presentert for politikarane i formannskapet. Leiaren i prosjektgruppa, Knut Prestnes kunne i møtet fortelja om ein 3000 kvadratmeter stor hall med ein førebels pris på om lag 85 millionar kroner (brutto). Dersom kommunestyret sluttar seg til planane, håpar Prestnes å koma vidare med arbeidet så snart som mogleg. Kva tid det er realistisk å få prosjektet realisert, er det derimot vanskeleg å seia noko om i dag.

Den nye fleirbrukshallen på Husnes vil få ein tribunekapasitet på 2000 sitjeplassar og eit uteområde på 6500 kvadratmeter.

I finansieringsplanen er det rekna med 15 millionar kroner i spelemidlar frå Norsk Tipping. Refusjon av moms er estimert til 16,5 mill kroner, medan det er rekna med kr 11,2 millionar i gåver og dugnad. Største kostnaden vil falla på Kvinnherad kommune med 37 millionar, i alle fall slik finansieringsplanen er tenkt per i dag.

Stor dugnadsinnsats

Knut Prestnes fortel til Husnes Vekst at mange allereie har utført ein betydeleg dugnadsinnsats i forprosjektet. Forutan Prestnes, som òg er leiar i IL Trio, er ordførar Peder Sjo Slettebø, leiar i Kvinnherad Handballklubb, Merete Lillesand og Gunnar Våge frå Kvinnherad idrettsråd med i prosjektgruppa.

Ifølgje Kvinnheringen opplevde Prestnes møtet med formannskapet som positivt. Han er spesielt glad for entusiasmen ordføraren har vist i prosjektet.

– Ordføraren har vore svært positiv og kreativ i arbeidet i prosjektgruppa. No er det viktig at prosjektet kjem med i økonomiplanen 2017 – 2020, slik at vi får eit tydeleg teikn om at dette skal realiserast, seier Prestnes til avisa.

Trio-leiaren peikar på at idretten står klare til å ta prosjektet vidare, og meiner det er viktig å få eit positivt vedtak i kommunestyret. Då kan vi gå vidare i arbeidet med å få hallen fullfinansiert, seier han.

 

Husnes Vekst

Husnes Vekst er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes Vekst arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

Kontakt

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

post@husnesvekst.no
Kontonr.: 3520.67.57254
Org. nr.: 971 356 545

Siste artiklar

  • Ny optimisme på Husnes
    18. mars 2021
  • Innkalling til årsmøte
    5. mars 2021
  • Arne Alsaker er død
    4. mars 2021
  • Ber om støtte til marknadsføring av regionsenteret
    16. november 2020
  • Seniorsenteret Husnes kjem!
    13. november 2020
  • 250.000 kroner frå sparebankstiftinga
    12. november 2020
  • Reagerer på kommunal tildeling av midlar
    11. november 2020
  • Ny veg vil utløysa 40 dekar byggjeland
    11. august 2020
  • Arbeidet med regionsenteret må styrkjast
    5. juli 2020
  • Innkalling til årsmøte
    4. juni 2020

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

E-post: post@husnesvekst.no
Kontonummer: 3520.67.57254
Org. nr. 971 356 545