Villeiande reklame
2. september 2016
Vil byggja 65 leiligheter i Bogsnes
23. september 2016
Vis alle

Kulturfestivalen tar pause

Styret lovar at dei kjem sterkt attende i 2018.

Styret lovar at dei kjem sterkt attende i 2018.

Styret lovar at dei kjem sterkt attende i 2018.

Det vil ikkje bli arrangert Kvinnherad kulturfestival på Husnes til neste år, skriv Kvinnheringen. Styret for festivalen lovar at dei vil koma sterkt attende i ny form og fasong i 2018.

Styret skriv i ei pressemelding at året utan kulturfestival skal brukast til å vitalisera konseptet, og til å laga ny kommunikasjons- og marknadsføringsstrategi.

– Vi ønskjer òg å involvera fleire aktørar i planleggjing og gjennomføring av kulturfestivalen, skriv styret i pressemeldinga.
Aktørane som har vore med på å arrangera festivalen på Husnes og Sunde vil ha fleire arrangement i løpet av 2017, og dei som held til i Kvinnherad kultursenter vil ha ein felles aktivitets- og kulturdag i februar. Den er under planlegging, melder styret.