Badeflåten er snudd
19. juli 2016
Endeleg, der kom kummen – og asfalten!
30. august 2016
Vis alle

Sviktande vedlikehald

Graset er snart i mannshøgde. (Foto: Kristian Hus)

Graset er snart i mannshøgde. (Foto: Kristian Hus)

Vedlikehaldet langs den nye, og fine, gang- og sykkelvegen i Bogsnesbrekka på Husnes har svikta totalt sidan opninga i vår. Årsak: Vegen er ikkje med i Statens vegvesen sin vedlikehaldsavtale med Mesta.
Men om gras og ugras no snart er oppe i mannshøgde, seier vegvesenet sin representant i Odda i alle fall at dei jobbar med saka. I den nye avtalen frå 1. september vil også denne vegstubben koma med, lovar dei. Men det har med budsjett å gjera, så vi får venta å sjå om dei «finn» pengar.
Heller ikkje langs gang- og sykkelvegen frå Såfura mot Røssland ser det bra ut i år, utan at vegvesenet sin representant kan seia kvifor det er slik. Det har truleg med ferieavvikling å gjera, blir det sagt. Kantslåtten vil i alle fall bli gjort i nær framtid, sa vegvesenet til avisa den 29. juli.

(Kjelde: Kvinnheringen)