Opp ned i Borvika
9. juni 2016
Snart byggjestart for rundkøyring
20. juni 2016
Vis alle

Dugnad på turstien

Ungdommen, her representert ved Sander, deltek òg i dugnadsarbeidet.

Godt humør høyrer med på ein dugnad. Her er Anne-Kari Enes i full aktivitet.

Godt humør høyrer med på ein dugnad. Her er Anne-Kari Enes i full aktivitet. (Foto: Leif Thuland)

Onsdag ettermiddag var det dugnad på det nye tursti-prosjektet rundt Opsangervatnet, som ei gruppe entusiastar med Morten Vevatne og Bjørn Heimvik i spissen har teke initiativet til. Otto Blokhus har òg spelt ei sentral rolle i prosjektet.

Under dugnaden, der eit tjuetals personar deltok, blei det fjerna bos og rydda og reinska skog og kratt.

Dei nye planane i prosjektet går ut på å vidareutvikla og samla friluftstilboda på Husnes. Det skal blant anna lagast ny tursti ut mot Kvalen, langs vatnet og til den eksisterande turstien til Kaldaneset.

Otto Blokhus frå Seniorgruppa i Frivilligsentralen, Leif Thuland i LHL, Kari Natvik i Husnes Vekst, Bjørn Heimvik i prosjektet Turstiar på Sunde og Moten Vevatne utgjer arbeidsgruppa.

Om Kvalen
På Facebook har poeten Arne Torget skildra Kvalen på denne måten:

Kvalen er ein av verdens beste badeplassar. Flotte svaberg i Opsangervatnet, nett nedanfor Undarheim skule. Heile Opsangervatnet er ei perle i seg sjølv, men det var til Kvalen me fór for å bada. Med niste, handkle og mødre, brør og fedre.

Sjølve Kvalen ligg som ein steinrygg 2 – 3 meter frå land. Du ser han godt frå Opsangervegen nett nedanfor skulen. Eg var ikkje god å symja, men eg var god på å stupa og dykka. Og å ha augene opne under vatn.

Eg vassa ut til Kvalen og stupte uti, god spenst har eg alltid hatt. Eg låg på botnen i sanden attmed Kvalen. Lenge. Med augene opne. Fann ein stor stein og tok han med opp. Men det gjekk mange år før eg vågde å symja bort til storsteinane.

Arvid Solbakken blir ikkje arbeidslaus på lenge enno. (Foto: Leif Thuland)

Arvid Solbakken blir ikkje arbeidslaus på lenge enno. (Foto: Leif Thuland)