Ny Opsangerveg – eit løft for Husnes
8. juni 2016
Dugnad på turstien
16. juni 2016
Vis alle

Opp ned i Borvika

Husnes Vekst ber ungdommane koma tilbake og snu flåten i Borvika igjen.

Borvika080616

Uvørne ungdommar har vore på ferde i Borvika og velta badeflåten som Husnes Vekst har lagt ut der. Ungdommane vart observerte av fleire vaksne personar, og no ventar vi på at gjerningsmennene skal koma tilbake for å snu flåten på rett kjøl igjen. For dette er ei form for tankeløyse, eller fantestrek, som ikkje kan aksepterast.

– Nei, dette skal vi ikkje ha noko av, seier styreleiar Åsfrid Barstad i Husnes Vekst.