Rema snart i eige hus
27. april 2016
Ryddedag i Borvika
30. mai 2016
Vis alle

Skuleelevar rydda sentrum

Rydding-100516

(Foto: Mona Grønningen/Kvinnheringen)

Tradisjonen tru, har Husnes Vekst i samarbeid med ungdomsskulen og Storsenteret gjennomført sin årlege ryddedugnad i sentrum av regionsenteret i veka før 17. mai.

– Samarbeidet er veldig bra, og skulen med rektor Morten Vevatne i spissen, er svært positive til den årlege dugnaden, seier styreleiar Åsfrid Barstad.

Ho trur det også kan virka preventivt når elevane ved sjølvsyn oppdagar kor mykje bos det ligg rundt om, og at dei såleis vil tenkja seg om før dei kastar noko frå seg.
Bos har i mange år vore eit kjent problem på Husnes, både i grøftekantane langs hovudvegen, ved busskura og på stikkvegane ned til sentera ligg det mykje papir, plast og anna avfall og flyt. Tysdag tok elevar på 8.-, 9. og 10. trinn med seg hanskar og bossekker og fekk samla opp det meste.

Som takk for arbeidet får elevane nokre tusenlappar dei kan bruka til ulike aktivitetar.

(Frå Kvinnheringen)