Heile styret i Husnes Vekst gler seg over den økonomiske framgangen til Hydro Husnes. (Arkivfoto)
Styret byrjar nytt arbeidsår
4. april 2016
Nye kommunale kontor på Husnes
18. april 2016
Vis alle

NAV i nye kontor på Husnes

NAV-kontor

Nye kontor, men kor lenge skal Husnes sentrum sjå ut som eit anleggsområde.

NAV har endeleg fått nye kontor på Husnes, etter at dei måtte flytta frå Aksen etter den omfattande vasslekkasjen der i mars 2015. No er den statlege tenesta flytta inn i dei nye kontormodulane på plassen nedanfor Panorama Senter.

– No er vi mykje meir tilgjengelege for brukarane våre, og vi har fått langt betre fasilitetar enn vi hadde, seier NAV-sjef Arild Berg til Kvinnheringen. Alle medarbeidarar har fått eigne kontor med datamaskin og telefon, vi har fleire møte- og samtalerom, lunsjrom og eit eige mottak med venterom. Det blir ei verd av forskjell, og ein betre kvardag for både dei tilsette og brukarane våre, seier Berg.