Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11Husnes_Vekst_31.03.11
  • Heim
  • Om oss
    • Arbeidet vårt
    • Visjonen vår
    • Historien
    • Styret
    • Dokument
  • Medlemskap
  • Om Husnes
    • Fakta
    • Historien
    • Mat og overnatting
  • Nyhende
  • Lenkjer
Regionsenteret har høg prioritet
28. mars 2016
Snart klart for asfaltering
31. mars 2016

Ny nettside

29. mars 2016

Skjermbilde 2016-03-20 21.55.27 Skjermbilde 2016-03-20 21.55.55Med økonomisk bistand frå Kvinnherad kommune sitt næringsfond, presenterer Husnes Vekst no si nye nettside. Behovet for betre informasjon til medlemmer og andre om arbeidet organisasjonen driv med, er litt av bakgrunnen for den nye sida. Styret ønskte dessutan å ha eit meir tidsrett informasjonsverktøy, spesielt i arbeidet med å utvikla Husnes som regionsenter.

– Den gamle sida var utgått på dato, og svært lite brukt, seier styreleiar Åsfrid Barstad. No er vi glade for å ha fått ei stilrein og meir tiltalande side, der vi blant anna vil informera publikum om kva styret driv med til ei kvar tid, seier ho.

Men noko typisk medium for nyhende er denne sida derimot ikkje, understrekar Barstad. Daglege nyhende må lesarane finna på sidene til lokalavisene. Likevel tar redaksjonen mål av seg til å oppdatera sida jamleg, og skriva litt om det som skjer i og rundt regionsenteret, og i kommunen elles.

Når den nye nettsida no er gjort offentleg tilgjengeleg, ønskjer styreleiaren at både medlemmer og andre tar kontakt om saker dei vil at Husnes Vekst skal arbeida med. Barstad håpar dessutan at fleire og fleire no vil vera med i den «nye» tida for Husnes, og melda seg inn i organisasjonen.

– Skal vi få skikkeleg driv i arbeidet med å utvikla Husnes som eit kraftfullt regionsenter, er det viktig at alle som har tilknyting til staden engasjerer seg, seier Åsfrid Barstad.

I tillegg til nettsida som du les akkurat no, har Husnes Vekst også eiga side på Facebook. Så ingen skal heretter vera i tvil om at Husnes Vekst er til, og kva organisasjonen driv med! Styret har engasjert Kristian Hus til det redaksjonelle arbeidet.

Multipleks Design / Kristen Børje Hus har utvikla den nye nettsida. Han er fødd og oppvaksen på Husnes og driv no sitt eige enkeltpersonføretak i Bergen. Kommunen sitt næringsfond har løyvd kr 30.000 til arbeidet og Åsfrid Barstad er svært glad for tilskotet. Ho meiner det viser kommuneleiinga og politikarane sin vilje til å satsa på Husnes.

kh.

Husnes Vekst

Husnes Vekst er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes Vekst arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

Kontakt

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

post@husnesvekst.no
Kontonr.: 3520.67.57254
Org. nr.: 971 356 545

Siste artiklar

  • Ny optimisme på Husnes
    18. mars 2021
  • Innkalling til årsmøte
    5. mars 2021
  • Arne Alsaker er død
    4. mars 2021
  • Ber om støtte til marknadsføring av regionsenteret
    16. november 2020
  • Seniorsenteret Husnes kjem!
    13. november 2020
  • 250.000 kroner frå sparebankstiftinga
    12. november 2020
  • Reagerer på kommunal tildeling av midlar
    11. november 2020
  • Ny veg vil utløysa 40 dekar byggjeland
    11. august 2020
  • Arbeidet med regionsenteret må styrkjast
    5. juli 2020
  • Innkalling til årsmøte
    4. juni 2020

Husnes Vekst
Postboks 170
5480 Husnes

E-post: post@husnesvekst.no
Kontonummer: 3520.67.57254
Org. nr. 971 356 545