Handlingsplan med seks viktige punkt
28. mars 2016
Vis alle

Aktivt år for styret

Hellandskrysset

Styret i Husnes Vekst har lagt bak seg eit svært aktivt år, med i alt 10 møte og engasjement på fleire frontar. Mykje av engasjementet har føregått på det verbale planet, med brev og uttalar i samband med aktuelle prosjekt.

Ny rundkøyring og bru ved Hellandskrysset er ei av sakene styret har vore opptekne av i tida som ligg bak oss. I denne saka har dei sendt uttale til kommunen, ordførar, rådmann, Statens vegvesen og lokalpressa. Avisene har følgt opp med reportasjar.

Styret har vidare engasjert seg for å få gang- og sykkelveg på heile strekkja frå Såfura til gamle Undarheim skule. Om ikkje alt blir gjort noko med i første omgang, er styret i alle fall glade for at forholda i Bogsnesbrekka no blir langt betre for mjuke trafikkantar. Også trafikksituasjonen i sentrum har engasjert styret i løpet av det siste arbeidsåret, og vil bli følgt opp i tida framover.

Husnes4

Husnes Vekst har vidare teke initiativ til rydding i Borvika og fekk lagt ut badeflåte i sjøen før sesongen starta. SpareBank1-stiftinga Kvinnherad gav 16.000 kroner i støtte til dette tiltaket.

I samarbeid med Husnes ungdomsskule og Husnes Storsenter vart det på vårparten arrangert ryddedag i sentrum.

Andre saker styret har arbeidd med siste året:

  • Innhenting av informasjon til brosjyren «Visit Sunnhordland», som Samarbeidsrådet gjev ut.
  • Oppstillingsplass for bubilar i Husnes båthamn.
  • Ungdommens kulturmønstring (UKM) tilbake til Husnes.
  • Samarbeid med prosjektet «Turstiar Sunde» om sti langs Opsangervatnet frå Sunde til Husnes.
  • Ny nettside. Kvinnherad kommune sitt næringsfond har løyvd 30.000 kroner til dette arbeidet.

57 private og 12 firma var medlemer i Husnes Vekst ved utgangen av året, noko styret ikkje er heilt nøgde med. Målet er difor å få fleire engasjerte med, som kan bidra til ei positiv utvikling av bygdebyen.

Av inntektene bidrar Torghuset AS med kr 25.000 per år. Rekneskapet for 2015 viser eit overskot på kr 29.166.

Styret i perioden har vore:

Aasfrid og Jan B.

Åsfrid Barstad og Jan B. Ingvaldsen har vore høvesvis leiar og nestleiar i året som gjekk.

Åsfrid Barstad, leiar
Jan B. Ingvaldsen, nestleiar
Kari Røstbø, styremedlem
Torill Kleven, styremedlem
Oddmund Skår, styremedlem
Per Magne Bringedal, styremedlem
Kirsten Hals, varamedlem
Roald Teigen, varamedlem

kh