Engasjér deg i bygda di – meld deg inn i Husnes Vekst!

Dette arbeider vi med

Husnes Vekst ønskjer å vera pådrivar for å få nye bustadområde, friområde, stader for leik og område der næringslivet kan utvikla seg. Husnes Vekst ønskjer å vera ein aktiv medspelar for Kvinnherad kommune når det gjeld utbyggingssaker, reguleringsplanar og kommunedelplanar.

Husnes Vekst er oppteken av å delta i trivselstiltak for folk som kjem på besøk og for dei som bur i området, til dømes Sommarrevyen og Kvinnherad kulturfestival om vinteren, som viktige og positive aktivitetar på Husnes. Me ønskjer å vera med i arbeidet, saman med andre, om å utvikla nye trivselstiltak for husnesingane.

Husnes Vekst er dessutan engasjert i reiselivsarbeidet med brosjyremateriell og anna for å profilere bygda i turistinformasjonar og i båthamner.

I tillegg ønskjer vi å få på plass dei service- og kulturtilboda som eit moderne samfunn skal ha i eit regionsenter.

Å få fleire arbeidsplassar og offentlege kontor til Husnes har vore ei prioritert oppgåve i mange år. Husnes Vekst arbeidde til dømes aktivt for å få lensmannskontoret og NAV-kontoret hit. Trafikksikring og samferdsel står alltid høgt på prioriteringslista. Me har òg arbeidd for at Kulturskulen og dei andre skulane i området skulle få moderne lokale, tilpassa dagens behov.

Vår aktuell handlingsplan og meir om det daglege arbeidet finn du i Nyhende.

Visjonen vår for Husnes-samfunnet

INKLUDERANDE

Eit inkluderande Husnes tilrettelegg for alle aldersgrupper og samfunnslag. Vi snakkar om det fysiske; at ein i rullestol eller ein som køyrer barnevogn lett skal kunne bevege seg rundt på alle offentlege stader. Det skal også vera trygt å vera liten eller gammal. Gode gangstiar til alle fasilitetar som skule og butikkar må tilretteleggast. Alle grupper må kunne føla seg velkommen i dei ulike offentlege rom. Ein må kunne bevege seg i sentrum også på kveldstid og ikkje låsa av sentrumsområdet.

NYSKAPANDE

Eit nyskapande Husnes må følgje med utviklinga og tenkja framover. Det må planleggjast for morgondagen. Energi kjem til å bli eit viktig tema framover og det må Husnes planleggja for. Å nytta spillvarmen frå Hydro Husnes er ei løysning. Det vert stilt større krav til bygningar og energibruk i framtida.

URBAN

Husnes Vekst meiner det må leggjast vekt på urbane strategiar for utvikling av sentrum. Eit urbant Husnes tilrettelegg for at bilar og menneska effektivt skal kunne flytta seg. Gode vegar med oversiktlege vegkryss, gode parkeringsplassar og tilrettelagt felt for gåande og syklande er viktig å prioritera. Ein urban stad har gode møteplassar både på dag- og kveldstid.

Vårt føremål

Husnes Vekst skal ivareta næringslivet sine felles interesser, arbeida for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen skal vidare arbeida for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggjarane i området.

Historien

Dei første åra

Opptakten til Husnes Vekst vart gjort i byrjinga av 1987. Den 16. mars var det kalla inn til møte i samfunnshuset, der planane for skiping av ein ny organisasjon vart presentert. Eitt av føremåla skulle vera å etablera eit felles forum for samarbeid og utvikling av Husnes, som handelssenter og samtidig vera pådrivar overfor kommunen og politikarane.

Kristian Hus (initiativtakar/leiar), Svein Røyrvik, Eirik Sæther, Magne Ivarsøy og Jan B. Ingvaldsen vart valde til interimstyre og heldt konstituerande møte 24. mars 1987.

Det vart sendt ut brev til kring 120 bedrifter i Husnes – Sunde-området om den føreståande skipinga av selskapet. Dessutan hadde interimstyret møte med dåverande ordførar Thorleif J. Hellesøy, som signaliserte at Kvinnherad kommune ville støtta tiltaket. Det vart også søkt om midlar frå Kommunal- og arbeidsdepartementet og Hordaland fylke.

Selskapet vart formelt stifta 12. oktober 1987 med følgjande styre: Kristian Hus (leiar), Svein Røyrvik, Jens Ottersen, Jostein Haktorson og Jørgen Nilsestuen.

Kjell O. Nygård vart seinare tilsett som dagleg leiar i eitt års engasjement. Han hadde då permisjon frå Kvinnherad kommune.

Etter nokre år vart aksjeselskapet oppløyst, men organisasjonen besto og dreiv vidare utan formell dagleg leiar.

Arbeidet fortset

I 1995 vart Husnes Vekst og Husnes Sentrumsforening slegne saman med mykje av dei same oppgåvene, som dei to foreiningane kvar for seg hadde arbeidd med til då. Annemor Ekeland vart tilsett som ny dagleg leiar og heldt fram i stillinga til 2003. Seinare hadde ikkje organisasjonen nokon fast tilsett, men blei leia av arbeidande styreleiar på deltid. Aktiviteten vart etter beste evne halde oppe på frivillig basis.

I samband med prosjektet «Eit vakrare Husnes» på den tida vart det lagt ned eit stort arbeid. Styremedlemmer hadde ei rekke møte med kommunen, politikarar og andre i samband med dette. Det vart òg arrangert fleire opne møte, der publikum fekk innsikt i planane.

Husnes Vekst har vore representert i styret for Kvinnherad Kulturfestival og har også bidrege økonomisk til det årlege kulturtiltaket på Husnes. Organisasjonen har òg ansvar for lysa i parken langs Opsangervatnet i samband med julefeiringa, samt beplantning i sommarsesongen.
Husnes Vekst har arrangert fleire opne møte, der fokuset har vore å få folk engasjert og bli medlemmer.

Mange aktuelle saker har opp gjennom åra krevd engasjement både av styret og einskildmedlemmer. Nytt kulturskulesenter, oppgradering av stranda i Borvika og ombyggjing av krysset ved Hellandsbrua er typiske prosjekt der Husnes Vekst har vore involverte – og engasjerte. Like eins parkområdet ved kyrkja og trafikksikring generelt på Husnes. Sentrumsutbyggjinga har òg vore ein viktig del av styret sitt arbeid.

Ved inngangen til 2016 var styret mellom anna engasjert i Kvinnherad kommune sine planar for regionsenteret Husnes.

Styret i Husnes Vekst

Styret i Husnes Vekst 2017

Styret 2017

Åsmund Kåre Rørvik, leiar
Åsfrid Barstad
Gunnar Røssland
Per Magne Bringedal
Oddmund Skår
Marianne Lund Anderssen

Varamedlemmer:

Helge Vassvik
Kirsten Hals

Revisorar

Even Teigen
Merete Moe Røssland

Valnemnd

Per Henrik Oppdal
Anna Prestnes
Kari Røstbø

Dokument til nedlasting