Husnes – inkluderande, nyskapande og urban

Litt fakta om Husnes

Regionsenter Husnes er den største tettstaden i Kvinnherad med om lag 2500 innbyggjarar og ligg ved innseglinga til Hardangerfjorden. Husnes er handels-, skule- og idrettssenteret i kommunen, og har eit stort utval av tenester. Husnes har eit stort kulturtilbod og viktige arbeidsplassar. Her ligg aluminiumfabrikken Hydro Husnes (tidlegare Sør-Norge Aluminium), som er største private arbeidsplassen i kommunen.

Industribygda Husnes er prega av kulturelt mangfald; få bygder har fostra så mange rockeband og artistar som nettopp Husnes. Mange kulturaktivitetar og eit levande musikkliv set sitt preg på bygda. Diktaren Jonas Lie (1833-1908) budde her i sine barne- og ungdomsår.

Husnes har eit aktivt idrettsmiljø med flotte banar for friidrett og fotball, idrettshall, symjehall og roarena ved Opsangervatnet. Husnes har kunstgrasbane og ein vakker golfbane, som er svært populær. Her ligg òg Kvinnherad vidaregåande skule med om lag 500 elevar fordelt på fleire studieretningar, samt barne- og ungdomsskule.

Etter ein spasertur på 10–15 minutt frå sentrum, kjem ein til Søralparken med båthamn, fotball-, tennis-, sandvolleyball- og golfbanar. Husnes båthamn har alt som skal til for å tilfredsstilla båtturistane som vitjar bygda. Hamna vart kåra til landets beste gjestehamn i 2005, 2006 og 2009 i denne prestisjefylte og landsdekkande konkurransen.

Husnes er eit fint utgangspunkt for fjellturar. Fleire merka løyper er tilrettelagde for heile familien. I Opsangervatnet kan ein prøva fiskelukka etter innlandsaure.

Bygdebyen er i rivande utvikling med stor byggjeaktivitet. Her ligg det største handelssenteret i Sunnhordland. I sentrum finn du 50 spennande butikkar som tilbyr eit stort utval for heile familien, samt campingplass, fleire restaurantar, helsesenter og offentlege kontor.

Husnesparken kledd i snø (Foto: Inge Audun Røssland)

Historien om bygda

Rekkehus i Troåslia på 1960-talet (Arkivfoto: SØRAL)

Rekkehus i Troåslia på 1960-talet (Arkivfoto: SØRAL)


SØRAL og Husnes under utbygging, 1964 (Arkivfoto: SØRAL)

SØRAL og Husnes under utbygging, 1964 (Arkivfoto: SØRAL)

Byrjinga

På slutten av 1950-talet var fleire av dei tradisjonelle næringane råka av krise, og folketalet gjekk nedover i Husnes-området. Etableringa av aluminiumfabrikken tidleg på 1960-talet førde til ei stor omvelting i bygda; areal vart ekspropriert og vegar måtte leggjast om.

Mange tilreisande anleggsarbeidarar kom frå heile landet. Det kom ingeniørar frå mellom-Europa og arkitekt frå Bergen. Planlegginga av både bedrifta og områda ikring bar preg av klasseskilje mellom arbeidarar og funksjonærar. Funksjonærane sine bustader vart bygde i Bogsnes, som er vendt mot fjorden og mot sør. Der vart det også laga ein tennisbane for sveitsarane som budde der.

Arbeidarane fekk i hovudsak bustader i rekkjehus i Troåslia. Husa var romslege og med høg standard etter den tida, det var til og med parkett på stovegolvet. Alt måtte skje i stor fart, då det var stor mangel på bustader for dei nytilflytte.

Den første tida etter at SØRAL starta aluminiumproduksjonen var det eit stort gjennomtrekk av arbeidarar. Bygda var prega av ulike dialektar, for det meste frå Nord-Noreg og Sogn. Etter kvart fekk Husnes sin eigen dialekt; ei blanding av ulike innflyttardialektar og den lokale. Ei tid var det også både nynorsk- og bokmålsklassar i folkeskulen.

Fram til 1960-talet låg Husnes «sentrum» vendt mot sjøen der fabrikken sitt kaiområde er i dag. Der var dampskipskai, utstillingshallar for det årlege fesjået, kolonialbutikk og postkontor.

Det nye Husnes vart bygd ut i samsvar med rådande teori for tettstadplanleggjing på 1960-talet. Alle funksjonane var delte, folk skulle ikkje bu i sentrum og skulane skulle skjermast.

Det nye Husnes sentrum blei opparbeidd vest for Opsangervatnet, medan skulane vart bygde lenger vekke frå sentrum, og mot Kaldestadåsen.

Husnes sentrum ca. 1970 (Arkivfoto: SØRAL)

Husnes sentrum ca. 1970 (Arkivfoto: SØRAL)

Husnes-samfunnet i dag

Frå å vera ei bygd med få innbyggjarar som levde av fiske, skog- og jordbruk, blei Husnes på 1960-talet endra til ein industristad med fleire innflyttarar enn fastbuande. Innflyttarane hadde ikkje røter i bygda og følte seg ikkje tilknytt på same måte, som dei som hadde budd på same staden i generasjonar. Endringane med nye vegar, bygg, folk og næringsverksemder (fleire kom i kjølevatnet av SØRAL) over få år, gjorde at Husnes blei ein litt «vill vest»-stad i ein periode. Få hadde høgare utdanning, men dei som hadde det kom frå bymiljø, der dei var vane med å tenkja stort.

Dei mange innflyttarane på Husnes skapte ein del utfordringar. Eit nytt samfunn skulle skapast fysisk og ikkje minst sosialt. Dette har prega Husnes-samfunnet heilt fram til i dag på ein positiv måte. Det viser igjen når ein i ettertid ser korleis bygda har blitt ein stad med stor aksept for nye innbyggjarar, enten dei er frå Austlandet eller Afrika!

Ein er i dag generelt også meir opne for nye idéar og utvikling dersom ein samanliknar med andre bygder i distriktsnoreg. Når Husnes ikkje har stor bagasje i form av historie, så tillet det ein fridom til å gjera noko framtidsretta og nyskapande utan å måtta sjå seg tilbake.

Husnes si innflyttarhistorie gjer at staden er ulik dei andre lokalsamfunna i Kvinnherad. Eit nytt og velutvikla industrisamfunn bidrar til at andre delar av kommunen får framgang. Kommunen treng stader med ulike kvalitetar og det er viktig å dyrka desse fram til å bli identitetsskapande. Folk flest likar å bu og oppleva ulike stader.

Husnes kan bli ei drakraft for å få utdanna kvinnheringar og andre til kommunen ved å tilby ein inkluderande og nyskapande stad med urbane kvalitetar.

Matservering og overnatting

Husnes – reise, matservering og overnatting

Sjå lista på Lenkjer for eit oversyn over turist- og reiseinformasjon, samt matservering og overnatting i Husnes området.

Den fire meter høge krukka, designa av Kjell Nupen, står framfor det moderne Kulturskulebygget, som opna dørane i 2013. (Foto: Anna Prestnes)
Mot Kaldaneset (Foto: Inge Audun Røssland)