Visjon - www.husnesvekst.no Framsida

Visjon for Husnes

Klikk på bilete for full storleik
Samspel har skapt eit landmerke i ei rundkjøring på vegen inn til Husnes (Foto: Kristina Lie Sundal)
 

 

Husnes - inkluderande, nyskapande og urban

 
 

Inkluderande

 

Eit inkluderande Husnes tilrettelegg for alle aldersgrupper og samfunnslag. Vi snakkar om det fysiske; at ein i rullestol eller ein som køyrer barnevogn lett skal kunne bevege seg rundt på alle offentlege stader. Det skal også vera trygt å vera liten eller gammal. Gode gangstiar til alle fasilitetar som skule og butikkar må tilretteleggast. Alle grupper må kunne føla seg velkommen i dei ulike offentlege rom. Ein må kunne bevege seg i sentrum også på kveldstid og ikkje låsa av sentrumsområdet.

 

Nyskapande

 

Eit nyskapande Husnes må følgje med utviklinga og tenkja framover. Ein må planleggja for morgondagen. Energi kjem til å bli eit viktig tema framover og det må Husnes planleggja for. Å nyttegjere seg spillvarme frå SØRAL er ei løysning. Det vert stilt større krav til bygningar og energibruk i framtida.

 

Urban

 

Her tenker ein at ein skal bruka urbane strategiar for utvikling av Husnes sentrum. Eit urbant Husnes tilrettelegg for at bilar og menneska effektivt skal kunne flytta seg. Gode vegar med oversiktlege vegkryss, gode parkeringsplassar og tilrettelagt felt for gåande og syklande er viktig å prioritera. Ein urban stad har gode møteplassar både på dags og kveldstid.

 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS