Eit Vakrare Husnes - www.husnesvekst.no Framsida

Prosjekt 'Eit Vakrare Husnes'

Klikk på bilete for full storleik
Måne over Mjølkhaugen (Foto: Gretha Rød)
 

 

Visjon, analyse og retningsliner for utvikling på Husnes

 

Prosjektgruppa

Husnes Vekst

Kvinnherad kommune

Engasjerte Kvinnheringar

LEAD Inc.

Smedsvig Landskapsarkitektar

 
 

INNLEIING

 

Kva blir det neste?

Framleis er Husnes i rask utvikling. Likevel er det ei vanleg oppfatting at vi enno ikkje har klart å koma skikkeleg i grep med ein langsiktig plan for utviklinga. Spørsmålet «kva blir det neste»? er ikkje stilt med den rungande krafta det fortener. Resultatet er at vi har fått eit Husnes som manglar nokre kvalitetar vi gjerne skulle hatt. Husnes Vekst ønskjer å gjera noko med dette.

 

”Eit vakrare Husnes” er arbeidstittelen for Husnes Vekst sitt hovudprosjekt med å planleggja framtida til Husnes-samfunnet. Ei god planlegging av Husnes vil ha positiv påverknad for heile Kvinnherad kommune. Alle kommunar treng eit senter som kan vera drakraft og gje ringverknader for bygdene ikring. Planlegginga har vore ein demokratisk prosess der alle som ønskjer har kunna vera med på dei mange møta og leggja fram eigne idéar og synspunkt.

 

Framleis ønskjer ein innspel frå dei som har noko på hjartet. Det er viktig å forstå at denne presentasjonen er ei idéskisse der hovud- prinsipp og -tankar er lagt fram. Det er framleis eit stykke fram til at ein kan leggja fram konkrete planar. Husnes Vekst vil arbeide vidare fram mot vidareutvikling, og etter kvart realisering av idéane som her vert presentert.

 
Klikk på bilete for full storleik
Svaner (Foto: Gretha Rød)
 

Politisk vilje vil på fleire områder vera eit krav for å få planane realisert. Kommunevalet til hausten 2007 vil vera avgjerande for Husnes og Kvinnherad si framtid. Prosjektgruppa vil minnast Aksel Kloster som har vore den største drivkrafta til at idéskissa for ’Eit vakrare Husnes’ no kan presenterast.

  

Husnes si innflyttarhistorie gjer at staden er ulik dei andre lokalsamfunna i Kvinnherad. Eit velutvikla Husnes vil bidra med at andre deler av kommunen får framgang. I ein kommune treng stader med ulike kvalitetar og det er viktig å dyrka desse fram til å bli identitetsskapande. Folk flest likar å bu og oppleva ulike stader. Husnes kan bli ein drakraft til å få utdanna Kvinnheringar og andre til kommunen ved å tilby eit inkluderande, nyskapande stad med urbane kvalitetar.

 

Det er ei stund sidan generalplanen for Husnes var laga , Husnes sentrum har ikkje blitt utvikla etter ein heilskapleg plan - problem blei løyst etter som dei dukka opp. Ved å ikkje sjå heilskapen får ein naturleg nok fleire utfordringar. Analysen viser at mangel på både langsiktig planlegging og kunnskap om urban design har ført til et rotete og uttrygg labyrint av trafikk og lite venlege stader for folk. Ved å løysa eit isolert problem om gongen utan å leggja viktige føringar har Husnes vakse til eit lite effektivt og lite estetisk sentrum.

 

Hovud punkter er at:

  • Det er mangel på fysisk, mental og visuell samband mellom viktige deler som skapar ein samanhengande stad
  • Husnes sentrum vender ryggen mot Opsangervatnet og parken.
  • Skuleområdet og helsesenteret er fjernt og isolert utan ein trygg og direkte veg til sentrum. Det er ikkje lett for eldre, rørslehemma eller folk med barnevogn å ferdast på Husnes.
  • Handlesentra, som tar omtrent 90 prosent av sentrum, vender seg kun ut mot parkeringsområda. Sjølv om Husnes har store parkeringsområdar er parkering eit dagleg problem.
 

PROSJEKTGRUPPA

 

Husnes Vekst med gruppa ”Eit vakrare Husnes” inviterte til prosessamlingar for dei som ville vera med å planleggja framtida til Husnes. Samlingane blei kunngjorde i pressa og halde på ulike lokalar i Husnesområdet som Undarheim gard, Dr. Munk, Triohuset og Kulturhuset. Ein kan trygt kalla prosessen med å utvikla ‘Eit vakrare Husnes’ demokratisk der ulike personar frå Kvinnherad har vore med på å gje innspel. I tillegg har LEAD Inc. fått god hjelp av arkitektkollegaer frå Bergen og spesielt frå Smedsvig landskapsarkitektar i Bergen.

 
 
Klikk på bilete for full storleik
Bløming (Foto: Aud Karin Løvfall)
 
Prosjekt dokumentet henter du her:
 
06-12-06-VHusnes.pdf
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS