Historie til Husnes |
Slik byrja det |
| |
 | | SØRAL og Husnes under utbygging, 1964 (Arkiv foto: SØRAL) |
På slutten av 1950-talet var fleire av dei tradisjonelle næringane råka av krise, og folketalet gjekk nedover i Husnes-området. Sør-Norge Aluminium utbygginga i 1962-1965 førte til ei stor omvelting i bygda; aeal vart eksproprierte og vegar måtte leggjast om. |
| |
 | | Flyfoto fra ca. 1970 (Arkiv foto: SØRAL) |
Mange tilreisande anleggsarbeidarar kom frå heile landet. Det kom ingeniørar frå mellom-Europa og arkitekt frå Bergen. Planlegginga for både bedrifta og Husnes-området bar preg av klasseskille mellom arbeidarar og funksjonærar. Funksjonærane sine bustader vart plassert i Bogsnes som er vendt mot Husnesfjorden og mot sør. Der vart det også laga ein tennisbane for sveitsarane som budde der. |
| |
 | | Rekkehus i Troåslia (Arkiv foto: SØRAL) |
Arbeidarane blei plassert i rekkehus i Troåslia. Rekkehusa var romslege og med høg standard for den tida, det var t.o.m. parkett på stovegolvet. Alt måtte skje i stor fart då det var stor mangel på bustader for dei nyinnflytta. |
| |
 | | Husnes sentrum med butikksenter og hotell (Arkiv foto: SØRAL) |
Då SØRAL starta opp med aluminiumsproduksjonen var det eit stort gjennomtrekk av arbeidarar. Bygda var prega av ulike dialektar, for det meste frå Nord-Noreg og Sogn-området. Etter kvart fekk Husnes si eiga dialekt som vart ei blanding av ulike innflyttardialektar og den lokale. Skulane fekk både nynorsk- og bokmålsklassar. |
| |
 | | Husnes båthamn (Arkiv foto: SØRAL) |
Fram til 1960-talet låg Husnes sentrum vendt mot sjøen der SØRAL sitt kaiområde er i dag. Der var dampskipskai, utstillingshallar for det årlege fesjået, kolonialbutikk og postkontor. |
| |
Det nye Husnes vart bygdt ut i samsvar med rådande teori for tettstadplanlegging på 1960-talet. Alle funksjonane var delte, folk skulle ikkje bu i sentrum og skulane skulle avskjermast frå sentrum. Det nye Husnes sentrum blei opparbeidd vest for Opsangervatnet. Skuleområdet vart lagt med god avstand frå sentrum og mot Kaldestadåsen. |
| |
 | | Husnes sentrum ca. 1970 (Arkiv foto: SØRAL) |
|
|
 | | Det same utsnittet av Husnes sentrum tatt i 2009 (Foto: Husnes Storsenter) |
|
|
|
| |
Husnes-samfunnet i dag |
| |
 | | Taxi venteplass (Foto: Anna Prestnes) |
Frå å vera ei bygd med få innbyggjarar som levde av fiske, skog- og jordbruk blei Husnes på 60-talet endra til ein industristad med fleire innflyttarar enn fastbuande. Innflyttarane hadde ikkje røter i bygda og følte ikkje same tilhøyrighet på same måte som dei som har budd på same staden i generasjonar. Endringane med nye vegar, bygg, folk og næringsverksemder (fleire kom i kjølevatnet av SØRAL) over få år gjorde at Husnes blei på ein måte ein ’vill vest’ stad. Få hadde høgare utdanning, men dei som hadde det kom frå bymiljø, der dei var vane for å tenkja stort. |
| |
 | | Husnes Storsenter butikk i spennande arkitetur (Foto: Husnes Storsenter) |
Dei mange innflyttarar på Husnes skapte ein del utfordringar. Eit nytt samfunn skulle skapast fysisk og ikkje minst sosialt. Dette har prega Husnes-samfunnet heilt fram til i dag på ein positiv måte. Dette viser igjen når ein i ettertid ser korleis Husnes har blitt ein stad med stor aksept for nye innbyggjarar enten dei er frå Austlandet eller Afrika. Ein er generelt også meir opna for nye idéar og utvikling om ein samanliknar med andre bygder i distrikt Noreg. Når ein ikkje har stor bagasje i form av historie, så tillet det ein fridom til å gjera noko framtidsretta og nyskapande utan å måtta sjå seg tilbake. |
| |
Husnes si innflyttarhistorie gjer at staden er ulik dei andre lokalsamfunna i Kvinnherad. Eit velutvikla Husnes vil bidra med at andre deler av kommunen får fremgang. Ein kommune treng stader med ulike kvalitetar og det er viktig å dyrka desse fram til å bli identitetsskapande. Folk flest likar å bu og oppleva ulike stader. Husnes kan bli ei drakraft til å få utdanna kvinnheringar og andre til kommunen ved å tilby eit inkluderande, nyskapande stad med urbane kvalitetar. |
| |
 | | Utsikt mot Husnes sentrum og SØRAL frå Norefjell (Foto: Ann Helen M. Olsen) |
|
| |
|
|
|