 |
Litt fakta om Husnes |  | | SØRAL og Husnes båthamn (Foto: Ann Helen M. Olsen) |
Husnes er den største tettstaden i Kvinnherad med omlag 2500 innbyggjarar og ligg ved innseglinga til Hardangerfjorden. Husnes er handels-, skule- og idrettssenteret i kommunen, og har eit stort utval av tenester. Ei bygd i rivande utvikling med stor byggjeaktivitet. Her ligg Sør-Norge Aluminium (SØRAL), som er største private arbeidsplassen i kommunen. Om lag 400 tilsette produserer ca. 165.000 tonn aluminium kvart år.
| | | Industribygda Husnes er praga av kulturelt mangfald - få bygder har fostra så mange rockeband og artistar som Husnes. Mange kulturaktivitetar og eit levande musikkliv set sitt preg på bygda. Diktaren Jonas Lie budde her i sine barne- og ungdomsår. | | |  | | Idrettsnalegget er omringa av skular og barnehagar (Foto: Geir Berntzen) |
Husnes har eit aktivt idrettsmiljø med to idrettsbanar, idrettshall, symjehall og roarena ved Opsangervatnet. Husnes har kunstgrasbane og ei flott golfbane som er svært populær. Her ligg og Kvinnherad vidaregåande skule med omlag 500 elevar fordelt på fleire studieretningar. | | |  | | Husnes båthamn (Foto: Geir Berntzen) | Etter ein spasertur på 10-15 minutt frå sentrum, kjem ein til Søralparken med båthamn, fotball-, tennis-, sandvolleyball- og golfbanar. Husnes båthamna har alt som skal til for å tilfredsstilla båtturistane som vitjar bygda. Den vart kåra til landets beste gjestehamn i 2005, 2006 og 2009 (i 2008 blei Husnes båthamn berre nummer to i denne prestisje, landsdekkande konkurransen :-) | | | Husnes er eit fint utgangspunkt for fjellturar. Fleire merka løyper er tilrettelagde for heile familien. I Opsangervatnet kan ein prøva fiskelukka etter innlandsaure. | | |  | | Husnes Storsenter |
I tillegg er Husnes størst Sunnhordlands handelssenter. Her finn du det meste du skulle trenge med over 50 spennande butikkar som tilbyr eit stort utval av godbitar for heile familien, hotell, camping, fleire restaurantar, idrettsanlegg, helsesenter og offentlige kontor. Husnes Storsenter er fortsatt under utbygging. | | |  | | Kunstnaren Kjell Nupen har fleire keramiske installasjonar på torget. Nordeuropas høgaste krukke på 4,5 m kan du sjø her (Foto: Husnes Storsenter) |
| | | | | |
| |
| | Husnes Vekst | | Postboks 170 | | 5480 Husnes | | E-post: | | post@husnesvekst.no | | Kontonr.: | 7285 05 04971 | | Org.nr. | 971 356 545 |
|
|
| 19.01.2012 | Kvinnherad kulturfestival 2012 | Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart. | | Les meir | 13.01.2012 | Årsmøte i Husnes Vekst | | Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert! | | Les meir | 11.11.2011 | Plassering av offentleg tannlegekontor | Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012. | | Les meir | |
| |