Husnes Vekst Framsida

Næringsareal i Husnesområde

Ny uttale om Bogsnes-saka
 
 

Husnes er inne i ei svært positiv utvikling som vil leggja grunnlaget for eit sterkt utvida tilbod for alle kvinnheringar

 
 

Opning av Halsnøysambandet,  utbyggingane til Husnes Storsenter og utvikling av nye spanande prosjekt innanfor nærings- og bustadutvikling gir innbyggjarane i Kvinnherad ein sjanse utan sidestykke til å få tilgong på tilbod vi for kort tid sidan ikkje trudde var mogeleg.

 
 

Den positive utviklinga lokalt saman med at nasjonal og internasjonal høgkonjunktur fører til nyetableringar og vidareutvikling av etablerte bedrifter og dermed auka trong for næringsareal.

 
 

Kvinnherad kommune har gjennom arbeidet med kommunedelplan for Husnesområde lagt grunnlaget for at næringslivet kan få tilgang til meir areal. Sjølv om det er sett av store areal er det likevel mange bedrifter som ikkje får tilfredsstilt sin trong for utvikling.

 
 

Kommunen har ikkje fylgt opp arbeidet med grunnkjøp og utarbeiding av reguleringsplanar. Dette er arbeid som tek lang tid, noko som kan føra til at næringslivet ikkje får nytta oppgangsperioden  til å realisera sine utvidingsplanar.

 
 

Husnes Vekst vil på det sterkaste oppmoda Kvinnherad kommune om å få fortgong i arbeidet med grunnkjøp og nye reguleringsplanar. På kort sikt må kommunen gå i dialog med grunneigarar som eig regulert næringsareal for å få hand om dette for vidaresal til næringslivet.

 
 

Utvikling av Bogsnesområde har fått stor merksemd i samband med reguleringsplanen til Bekkenes eigedom og planane for Husnes Brygge. Husnes Vekst har tidlegare gitt utrykk for at vi er svært positive til planane til Husnes Brygge. Dette er planar som vil gje Husnes ei naturleg tilknytning til sjøen, samstundes som vi får eit spanande, sentrumsnært bustad- og næringsprosjekt.

 
 

Husnes Vekst støttar og Bekkenes Eigedom sine planar for utviding av si verksemd. Husnes Vekst vil oppmoda Kvinnherad kommunestyre om å utsetja handsaming av reguleringsplanen til Bekkenes Eigedom på Bogsnes fram til mars 2008. I denne perioden må kommunen leggja ned ein stor innsats for å finna alternativ, sjønær tomt for Bekkenes Eigedom. SØRAL, som har sterke interesser i Bogsnes kan vera ein naturleg bidragsytar i dette arbeidet. SØRAL har tidlegare ved fleire høve gitt utrykk for at dei kan stilla areal til rådvelde for næringsetablering nord for tidlegare administrasjonsbygg.

 
 

Husnes Vekst vil sterkt oppmoda politikarane i Kvinnherad om å ta vare på mulighetene som dei store prosjekta i Husnesområde gir. Desse prosjekta kan med kommunen sin medverknad gje lokalsamfunnet store ekstragevinstar.

 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS