Husnes Vekst Framsida

Plassering av offentleg tannlegekontor


Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
 

Husnes Vekst meiner at ideell set bør alle helsetenesta vere samla på ein plass, lett tilgjengeleg for publikum, d.v.s. offentleg tannlegekontor bør ligge i tilknyting til helsesenter og ambulansestasjon, i sentrumsnær plassering. Husnes Vekst ser to alternativ plasseringar som må sjåast på nærmare: 

  1. Utvide eksisterande bygningsmasse for å skape meir rom for tannlegekontor. Det er frå før eit skrikande behov for reguleringsplan i helse-, skule- og idrettssenterområdet for å skaffe meir plass for vidareutvikling. Pr. i dag er det lite plass til å bygge nytt i området kor desse ligg i dag. Dette bør vurderast snarast av kommunestyret saman med andre behov som Samhandlingsreforma 2012 vil utløyse. Areal for ny Undarheim skule og ny idrettshall må på plass for å nemne det behova som er tidligare identifisert. No er lokalisering av tannlegekontoret komme i tillegg. Utfordringane hopar seg opp, og dette må løysast med ein ny reguleringsplan for området.
  2. Finne ein alternativ plassering enno nærmare sentrum for heile helsesenter, tannlegekontor og ambulansestasjon, som blir ennå lettare tilgjengelig for publikum, for eksempel i så kalla ”fagbygget” (Elkjøp, Fargerike, Tveit). På denne måten frigjer ein bygningsmasse etter helsestasjonen for sjukeheim som treng meir plass på sikt og fjernar samstundes trafikkfarleg ambulansestasjon frå skular og barnehagar.

Husnes Vekst oppmodar kommunestyret om å starte denne utgreiinga snarast og setja i gang naudsynte prosessar.

 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS