Husnes Vekst Framsida

Folkemøte om reguleringsplan 25. aug. 11


Kvinnherad kommune og Husnes Vekst arrangerer eit ope møte om reguleringsplan for 'byen' Husnes på torsdag den 25. august, klokka 19.00 på Kulturhuset  Husnes.
 
 

Detaljreguleringsplan for byen Husnes  er lagt ut til offentleg ettersyn og send på høyring i samsvar med plan- og bygningslova og vedtak i Kvinnherad forvaltningskomite 29.06.2011.

Frist for uttale er 9.september. 

 

Det er lagt ut stort reguleringsplankart på Husnes Storsenter i tillegg til på biblioteket.

 

Husnes Vekst tar imot innspell frå publikum på standen på Storsenteret på laurdag 20.08 og pr. e-post til ablokhus@online.no.

 

Alle engasjerte husnesingar er invitert til å møte opp på  

Torsdag den 25. aug, kl. 19.00 på Kulturhuset  Husnes

Verksemdsleiar Tormod Fossheim gir ei orientering om partnarskapen mellom private aktørar og kommunen i samband med planen.

 

Multiconsult  AS  presenterer detaljplanane.

 

Planleggjar og tiltakshavarane  vil vere til stades for å informere og svare på spørsmål.

 

Det vert enkel servering.

 

Sjå elles også heimesiden: www.kvinnherad.kommune.no.

 

Vel møtt!

 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS