Husnes Vekst Framsida

Parkeringsplass ved Husnes kyrkje - Uttale frå HV

Området ved Husnes kyrkje og kyrkjegarden har lege uferdig sidan utfyllinga mot Bogsnesvågen vart gjort i samband med etableringa av SØRAL midt på 60-talet. I over 40 år var det berre mogeleg å parkera langs den trafikkfarlege vegen mellom kyrkja og fyllinga.
 

Husnes Vekst har med glede merka seg den flotte planen for nytt parkeringsanlegg ved Husnes kyrkje. Den omfattar både parkeringsplass for ca. 100 biler, plantefelt og sitjegrupper omringa av naturstein og belysning av plassen. Planen ser veldig tiltalande ut og vil gje ei verdig ramme rund kyrkja.

 
 

Kyrkja og kyrkjegarden er ein viktig del av området rundt Husnes sentrum, ikkje berre for dei som har ærend der, men for alle bydefolk og besøkjande. For mange er kyrkja og kyrkjegarden ein viktig arena i mange fasar i livet. Omgivnadane og måten dei er utforma på har stor verdi for oss i samband med viktige hendinga i livet, både i glede og sorg.

 
 

Prosjektet vil supplera opprustninga som  nærliggjande område har fått, til dømes Undarheim gard, golfbanen og båthavna.

 
 

Vi er uroa over at prosjektet manglar full finansiering, og dermed står anlegget i fare for å bli ytterlegare forseinka eller redusert til berre ein asfaltert  parkeringsplass. Det vil ikkje være Husnes kyrkje verdig. Husnes Vekst vil på det sterkaste understreka eit sterkt ynskje om at vedtekne planar blir gjennomført snarast, slik dei ligg føre.

 
 

Området ved Husnes kyrkje og kyrkjegarden har lege uferdig sidan utfyllinga mot Bogsnesvågen vart gjort i samband med etableringa av SØRAL midt på 60-talet. I over 40 år var det berre mogeleg å parkera langs den trafikkfarlege vegen mellom kyrkja og fyllinga. Tilveksten som naturen har ordna sjølv, har vore einaste forbetringa i alle desse åra. Det var difor gledeleg at Statens vegvesen i 2007 tok arbeidet med ei stor omlegging og trafikksikring av vegen forbi kyrkja, og planering av parkeringsplassen. Slik fekk ein og nytta massar frå Halsnøysambandet på ein fornuftig måte.

 
 

For å fullfinansiera prosjektet vil vi be politikarane om å sjå på alternative måtar å finansiera prosjektet på, slik at det kan gjennomførast snarast. Kva med midlar frå regjeringa sine krisepakkar? I desse krisetider burde det væra mogeleg å oppnå gunstige vilkår i entreprenørbransjen for ei slikt oppdrag. Kan andre aktørar bidra ?

 
 

Vi ber Ordføraren setja Husnes kyrkje og parkeringsanlegget på sakskartet, slik at arbeidet kan starta opp før påske. 

 
 

Med helsing

Styret ved Husnes Vekst

 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS