 |
Storhending for Kvinnherad | | Opninga av Husnes Storsenter i dag er av dei heilt store hendingane i Kvinnherad. | | | Opninga av Husnes Storsenter er av dei heilt store hendingane i Kvinnherad. Storsatsinga frå Mosvold m.fl. gir oss mange nye tilbod utan å måtta reisa ut av kommunen, den gir oss nye møteplassar og den gir oss auka konkurranse mellom næringsdrivande.
| | | |
| | | |
Utbygginga til Husnes Storsenter er ein viktig del av styrkinga av Husnes og Kvinnherad. For begge er styrkinga nødvendig. Mange distriktskommunar slit med nedgong i folketalet og alt tyder på at denne trenden vil fortsetja. Dei kommunane som skal lukkast i få tilbake utflytta ungdomar og ikkje minst lokka til seg nye, må satsa på mange felt for å få dette til. Ikkje alle kan lukkast like godt i dette arbeidet.
| | | |
| | | |
Oppbygging av ein tettstad med eit breitt spekter av tilbod innanfor det skapande og utøvande som kultur og idrett, frå næringslivet med t.d. butikkar og konsulenttenester og ikkje minst offentlege tilbod som utdanning, omsorg og rådgjeving. Mange av desse tiltaka er på plass eller på veg til realisering. Andre må det jobbast vidare for å få etablert.
| | | |
| | | |
Kvinnherad skal vera ein av kommune som lukkast med dette arbeidet , og denne utbygginga utgjer viktige deler av dei nødvendige tiltaka.
| | | |
| | | |
Utanom Husnes Storsenter vil tre nye element vera på plass om kort tid. Dette gjeld Lensmannskontoret, NAV og det nye kultursenteret.
| | | |
| | | |
Husnes Vekst ynskjer eigarane, næringsdrivande, tilsette og ikkje minst kvinnheringane lukke til med det nye Husnes Storsenter!
| | | |
| | | |
Etter opninga ventar vi spent på at parken som m.a. kunstnaren Kjell Nupen og ungdomar på KVV medverkar til, skal bli ferdig. Vi er overbevist om at den nye uteplassen, saman med restaurantar nær inntil , vil bli ein populær og flittig brukt samlingsstad for lokalbefolkning og tilreisande. | | | | | | | |
| |
| | Husnes Vekst | | Postboks 170 | | 5480 Husnes | | E-post: | | post@husnesvekst.no | | Kontonr.: | 7285 05 04971 | | Org.nr. | 971 356 545 |
|
|
| 19.01.2012 | Kvinnherad kulturfestival 2012 | Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart. | | Les meir | 13.01.2012 | Årsmøte i Husnes Vekst | | Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert! | | Les meir | 11.11.2011 | Plassering av offentleg tannlegekontor | Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012. | | Les meir | |
| |