Reguleringsplan for deler av Bogsnes – Bekkenes Eigedom |
| Husnes Vekst har ved fleire høve peika på kor viktig det er at tilhøva vert lagde til rette for at Husnes kan få utvikla seg mot sjø og fjord. |
| |
|
I samband med Kvinnherad formannskap og Kvinnherad kommunestyre si handsaming av reguleringsplan for deler av Bogsnes, vil Husnes Vekst koma med følgjande uttale:
|
| |
|
|
| |
Vi seier oss leie for at forhandlingsutvalet som vart nedsett av kommunestyret 20.12.2007, ikkje har lukkast med å skaffa Bekkenes Eigedom As alternativt areal.
|
| |
|
|
| |
Husnes Vekst har ved fleire høve peika på kor viktig det er at tilhøva vert lagde til rette for at Husnes kan få utvikla seg mot sjø og fjord. Mellom anna har Husnes Vekst sitt prosjekt ”Eit vakrare Husnes” understreka dette.
|
| |
|
|
| |
Bygging av ny veg frå Statoil-krysset til Bogsnes er eit viktig steg for at Husnes kan utvikla dette potensiale. Betra tilgangen til Bogsnesvågen og Røsslandsvika vil gje Husnes sentrum nærare tilknytning til område for bustader, rekreasjon og næringsutvikling.
|
| |
|
|
| |
Tilgongen på variert tilbod av næringsareal er for tida manglevare på Husnes. Dette er uheldig når ein registrerer den store investeringsviljen i området. Det er alt utført store investeringar og fleire næringsaktørar ventar på å gå i gang med nye prosjekt.
|
| |
|
|
| |
Husnes Vekst har store forventningar til arbeidet med ”Stadanalyse for Husnes sentrum”. Det er naudsynt for vidare utvikling av Husnes at ein får høve til å analysera fleire utviklingsretningar og alternativ for arealbruken.
|
| |
|
|
| |
Det er, etter Husnes Vekst sitt syn, for tidleg å gjera reguleringsvedtak for deler av Bogsnes før arbeidet med ”Stadanalyse Husnes sentrum” er sluttført.
|
| |
|
|
| |
Husnes Vekst ønskjer at Bogsnes sitt potensiale, m.a. som Husnes sitt vindauga mot fjorden, skal analyserast før nye vedtak bind opp arealbruken. Vi vil difor oppmoda Kvinnherad formannskap og Kvinnherad kommunestyre om å utsetja å gjera vedtak i saka i påvente av arbeidet med stadanalysen.
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
| |
| |
|
|
|