Husnes Vekst Framsida

Kolkraftverk på Husnes

Kolkraftverkprosjektet er spanande både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
 

Husnes Vekst stiller seg bak den positive responsen SØRAL og samarbeidande selskap har fått for planane om kolkraftverk på Husnes. Det gler oss at testprosjektet så langt har gitt svært positive resultat. 

Vi er kjent med SØRAL sitt arbeid for å sikra akseptable rammevilkår, særleg når det gjeld kraft.  Sentrale styresmakter må syta for at den kraftkrevjande industrien får rammevilkår som gir dei høve til å utvikla seg. Desse verksemdene er svært viktige både for lokalsamfunna dei er ein del av og for eksportinntektene til landet.

Framtidig suksess for Kvinnherad er nær knytt til utviklinga av SØRAL, som utan samanlikning, er den viktigaste verksemda i Kvinnherad. Gjennom arbeidsplassar, oppdrag til lokalt næringsliv, skatteinntekter og ringverknader på handel og kulturliv er SØRAL i ei særstilling i Kvinnherad.

Kolkraftverkprosjektet er spanande både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Husnes Vekst meiner det er viktig at verksemder og land i den rike del av verda tek ansvar for utvikling av miljøteknologi som og kan koma andre land til nytte i si utvikling. Kol er ein av dei viktigaste energikjeldene i verda, det er difor svært viktig at det blir utvikla teknologi for CO2-fangst i samband med produksjon av kolkraft.

 

Staten sin medverknad var avgjerande  for å etablera SØRAL på Husnes. Staten må og ta ansvar i samband med transport og lagring av fanga CO2.

 

For Husnes Vekst er det sjølvsagt og viktig at eventuell kolkraftproduksjon ikkje påverkar menneske og naturen rundt oss på ein negativ måte. Difor er det betryggande at planane skal gjennom ein grundig handsaming i NVE med konsekvensutgreiing og høyringsrunde før avgjerd blir teken.

 

Vi har stor tru på at teknologien for CO-fangst vil koma på plass. Det er ikkje så mang tiår sidan deler av Onarheimslia var brunsvidd. No er den frisk, grøn og fin, takka vera teknologisk utvikling.

 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS