 |
Ny eigar i innsida.no | | Vi gratulerer Kristian Hus med salet av innsida.no og ynskjer Haugesunds Avis velkomen som ny eigar | | | Husnes Vekst vil gratulera Kristian Hus med salet av innsida.no, samtidig vil vi ynskja Haugesunds Avis velkomen som ny eigar av Kvinnherad sin første nyhendeleverandør på nettet. Vi reknar med at Haugesunds Avis sitt oppkjøp er eit signal om vidare utvikling av nettstaden og ikkje minst; auka fokus på den positive utviklinga i Husnesområdet og elles i Kvinnherad.
Kristian Hus har bygd opp to medieverksemder gjennom sine mange år som medieperson i Kvinnherad. Både Kvinnheringen og innsida.no framstår som medieverksemder med lokalt særpreg, stort engasjement for lokalsamfunnet og dyktige tilsette. Begge er dominerande på kvar sitt område. Kvinnherad har hatt og har mange dyktige personar innanfor mediebransjen, men Kristian Hus står i ein særstilling med sin innsats som journalist, redaktør og gründer.
| | | | Lokalmedia har viktige funksjonar både som formidlar av nyhende, og som identitetsskapar i lokalsamfunnet. Oppbygging og utvikling av Husnes og Kvinnheringen har gått parallelt og ingen av dei hadde blitt så vellukka utan den andre. Kvinnherad er ein spanande kommune å bu i, og i Husnes Vekst er vi overtydde om at variasjonen i lokalmedia er ein positiv bidragsytar til dette.
| | | | | | | | | | |
| |
| | Husnes Vekst | | Postboks 170 | | 5480 Husnes | | E-post: | | post@husnesvekst.no | | Kontonr.: | 7285 05 04971 | | Org.nr. | 971 356 545 |
|
|
| 19.01.2012 | Kvinnherad kulturfestival 2012 | Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart. | | Les meir | 13.01.2012 | Årsmøte i Husnes Vekst | | Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert! | | Les meir | 11.11.2011 | Plassering av offentleg tannlegekontor | Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012. | | Les meir | |
| |