Husnes Vekst Framsida

Positive HMR-planar

Innvestering på 20-25 millionar i industriområde i Prestnes
 

Husnes Vekst ser positivt på HMR sine utvidingsplanar  med ei investering på mellom 20 og 25 millionar kroner i Prestnes.   

                                   

Etter at ” Prestnes-saka”  fekk si løysing, ligg det no til rette for vidareutvikling av verksemda i Prestnes.

HMR har venta lenge på muligheten til å  ta i bruk nytt areal og dermed har verksemda hatt avgrensa høve til å utvikla produksjonen sin i Prestnes.

 

Med sine 70 tilsette berre i Prestnes, er HMR ein viktig næringsaktør både for Husnesområdet og for Kvinnherad.

 

Husnes Vekst ynskjer både tilsette og eigarar lukke til med utvidinga, ei utviding som og lokalsamfunnet vil ha nytte av gjennom auka aktivitet.

 
Tilgang på næringsareal er ein avgrensande faktor for næringslivet sitt høve til å utvikla seg i Kvinnherad.  Kvinnherad kommune må i tida framover gjera ein mykje større innsats for å skaffa verksemdene våre tenleg og nok areal.
 
 
 
  Tilbake

 

Kontakt oss

Siste nyhende
19.01.2012
Kvinnherad kulturfestival 2012

Programmet til Kvinnherad kulturfestival 16.-19. februar 2012 er nå klart.
Les meir
13.01.2012
Årsmøte i Husnes Vekst
Årsmøte i Husnes Vekst vart halde 23. februar kl. 19:00 på To Søstre, Husnes Storsenter. Alle medlemar er invitert!
Les meir
11.11.2011
Plassering av offentleg tannlegekontor

Husnes Vekst merka diskusjonen rund plasseringa av offentleg tannlegekontor i den nye situasjonen som har oppstått i samband med Samhandlingsreforma 2012.
Les meir
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS