Velkomen som medlem!

Enkeltpersonar, lag/organisasjonar, verksemder og alle andre byggjande krefter kan vera medlemer i Husnes Vekst.

Som medlem kan du koma med innspel, framlegg til nye oppgåver som må løysast, og du kan delta i aktivt eit positivt og engasjerande miljø. Alle medlemer i organisasjonen kan møta på årsmøtet der årsmelding-årsrekneskap, planar og budsjett vert vedteke. Årsmøtet vel styreleiar og medlemer til styret. Det vil i tillegg kunna verta arrangert medlemsmøter der styret orienterer om status og aktivitetar og hentar innspel frå medlemene i viktige saker.

Styret held sjølvsagt medlemene oppdaterte gjennom nettsida vår og på facebook.

Medlemskontingent 2017:
Privat, enkeltperson: kr 250,-
Privat, par: kr 350,-
Lag/organisasjonar: kr 500,-
Verksemder: kr 1 500,-

Betal til konto 3520.67.57254 så er du registrert!

For å nå måla våre treng vi fleire engasjerte medlemer. Nettopp du som les dette er velkomen som medlem!

MEDLEMSKONTINGENT FOR 2017

Privat, enkeltperson: kr 250,-
Privat, par: kr 350,-
Lag/organisasjon: kr 500,-
Verksemd: kr 1 500,-

Bli medlem

IMG_1706-anna-prestnes

Namnet ditt

E-post

Type medlemskap

Melding