Ny leiar
8. april 2019
Krev sørleg kryssing av Langenuen
9. mai 2019
Vis alle

Namn som før; Husnesparken og Opsangervegen

7. juni-bautaen i Husnesparken. (Foto: Kristian Hus)

Husnesparken. (Foto: Kristian Hus)

Det blir ingen endringar i namna på Husnesparken og delar av Opsangervegen, slik formannskapet hadde føreslege. Politikarane har lytta til protestane frå Husnes Vekst og mange andre – og legg saka død.

Det var ordføraren som i februar i fjor lyste ut ein namnekonkurranse for området i samband med opninga av miljøgata mellom bensinstasjonen og hotellet.

– Vi må lytta til kva folk seier, og her har det vore ein del motstand, sa ordførar Peder Sjo Slettebø då politikarane i formannskapet diskuterte saka.

Kai Morten Torget (Frp) føreslo å senda saka vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd, men fekk ikkje medhald for det. Dermed vart namnekonkurransen avlyst.

Då kommunen i fjor haust inviterte innbyggjarane til å koma med forslag til namn på ein del av den nye Opsangervegen, kom det inn langt over hundre forslag. I november hadde rådmannen gått igjennom alle forslaga og deretter samla formannskapet seg om namnet Jonas Lie-parken. Men det ville eit stort fleirtal på Husnes ikkje ha noko av.

– Det bør takast omsyn til at namnet Jonas Lie-parken hos mange kan skapa negative assosiasjonar når ein ikkje ser minnesmerket og kjenner samanhangen, skreiv Husnes Vekst i ein uttale. Styret peika på at soneson til forfattaren, som óg bar namnet Jonas Lie, under siste krig var NS-politikar, Waffen-SS-offiser og politiminister både for Terboven og Quisling. Denne Jonas Lie er langt meir omtala i alle søkbare media om nokon skulle lura på namnet Jonas Lie-parken og søkja namnet Jonas Lie. Ei slik kopling ønskjer vi ikkje, skreiv styret i Husnes Vekst blant anna.