Høgt ambisjonsnivå, men vanskeleg å gjennomføra alt
23. mars 2019
Namn som før; Husnesparken og Opsangervegen
15. april 2019
Vis alle

Ny leiar

Synnøve Handeland er ny leiar i Husnes Vekst. (Foto: Kristian Hus)

STYRET 2019: Frå venstre: Håkon Røstbø, Oddmund Skår, Synnøve Handeland, Per Henrik Opdal, Jostein Tjeldflåt og Jarle Haktorson. Utanom desse er Merete Hersvik og Guttorm Røssland med i styret. (Foto: Kristian Hus)

Synnøve Handeland (51) vart på omframt årsmøte i Husnes Vekst måndag kveld valt til ny leiar i organisasjonen. Ho har lang erfaring frå både næringsliv og politikk og driv i dag sitt eige advokatkontor på Husnes. Før det var ho banksjef i SpareBank 1 SR-bank.

– Ei av dei viktigaste sakene Husnes Vekst vil ha fokus på framover no, er arbeidet og planane for regionsenteret, seier den nye styreleiaren.

Til liks med det som kom fram i årsmeldinga for 2018, er også Handeland uroa over at det etter snart fem år ikkje ligg føre ein klar plan for korleis regionsenteret skal utviklast. Det må vi få gjort noko med, seier ho.

Husnes har mange kvalitetar og gode bedrifter av alle slag, men mykje kan enno gjerast for å få skapa større vekst og utvikling, seier styreleiaren. Etablering av nye arbeidsplassar og fleire servicetilbod er viktige område å ha fokus på i eit regionsenter.

Eit anna område Handeland meiner er viktig å prioritera framover, er samferdselsektoren. Vi må ha stort trykk på alt som handlar om kommunikasjon, slik at ikkje Husnes og Kvinnherad elles blir liggjande i ei bakevje for evig og alltid, seier ho.

Utanom desse to viktige områda, vil det vera ei oppgåve for det nye styret å få fleire innbyggjarar i Husnes-regionen med i arbeidet til Husnes Vekst. Det er viktig å dra lasset i lag, og vera samstemte.

Styret

På det ekstraordinære årsmøtet vart desse valde til nye styremedlemmer:

Synnøve Handeland

Håkon Røstbø

Merete Hersvik

Per Henrik Opdal

Jarle Haktorson

Guttorm Røssland er òg med i styret sidan årsmøtet i 2018.

Varamenn:

Jostein Tjeldflåt

Oddmund Skår