Ekstraordinært årsmøte
22. mars 2019
Ny leiar
8. april 2019
Vis alle

Høgt ambisjonsnivå, men vanskeleg å gjennomføra alt

Det går seint med å få fram ein konkret plan for regionsenteret. (Foto: Daniel Morso).

Det går seint med å få fram ein konkret plan for regionsenteret. (Foto: Daniel Morso).

Husnes Vekst har hatt årsmøte og lagt fram ei fyldig årsmelding, der det blant anna kjem fram at det er vanskeleg å få gjennomført mange av aktivitetane styret har ambisjonar om. Skal ein få det til, må fleire interesserte personar utanom sjølve styret engasjerast i ulike arbeidsgrupper, både medlemmer og andre, meiner det avtroppande styret.

Åsmund Kåre Rørvik sluttar som styreleiar/dagleg leiar etter to år i stillinga, og førebels er ingen ny på plass. Det skal haldast omframt årsmøte for å velja ny leiar måndag 8. april.

Styret har siste året arbeidd etter ein handlings- og aktivitetsplan med tolv hovudpunkt, kvart punkt med mange ulike aktivitetar. Arbeidet med regionsenteret er kanskje den viktigaste saka nett no, og her uttrykkjer styret sterk uro over at det etter snart fem år ikkje ligg føre ein klar plan for korleis regionsenteret skal utviklast.

Vanskeleg å rekruttera nye
Ved årsskiftet hadde organisasjonen 58 private og ni bedrifter som medlemmer, og det er for lite. I løpet av året vart det gjennomført to vervekampanjar, begge gongene med labert resultat. Arbeidet med å auka talet på medlemmer skal halda fram.

Styret hadde 10 møte i året som gjekk. Før det ordinære årsmøtet 13. mars hadde Åsmund Kåre Rørvik sagt ifrå at han ønskte å trekkja seg som styreleiar/dagleg leiar, men valnemnda hadde ikkje lukkast i å finna ny. Heller ikkje på årsmøtet var det nokon som ville ta på seg leiarvervet. Det skal difor haldast omframt årsmøte måndag 8. april, og då vil venteleg ny styreleiar og nokre nye styremedlemmer vera på plass.