Arbeidet for seniorsenter i gang
11. januar 2019
Vis alle

Arbeider for betre trafikktryggleik

Eit av dei farlegaste områda på Husnes, vegen frå gamleskulen til kryssset til Bogsnes.

Trafikktryggleik har lenge stått sentralt i Husnes Vekst sitt arbeid. Etter styret si meining er det trong for mange tiltak, store og små, som kan gje betre tryggleik i heile området. No har kommuneleiinga fått informasjon om i alt 12 risikoområde, som styret meiner må utbetrast.

– Vi vonar ordføraren, politikarane og administrasjonen i Kvinnherad kommune kan prioritera og få gjennomført desse tiltaka, heiter det i brevet frå Husnes Vekst.

Klikk på linken nedanfor og les om alle tiltaka Husnes Vekst peikar på.

20190210 – Husnesområdet – trafikksikring – tekst og bilder

Her trengst det både gangveg og lys, meiner Husnes Vekst.

Ikkje alltid lett å vera fotgjengar!

Etter lang tid og mykje påtrykk er det kome autovern i rundkøyringa på vegen opp til skulane, som hindrar at bilar hamnar på taket i vatnet.