Husnes Vekst vil ha større fokus på viktige problemstillingar og muligheter
23. august 2018
Vis alle

Stor interesse for seniorsenter – utan institusjonspreg

Foto: Kvinnheringen

Kring 70 personar, alle godt vaksne, ville høyra om planane for eit seniorsenter på Husnes.

Interessa for bygging av eit seniorsenter på Husnes ser ut til å vera mykje større enn det mange har trudd til no. For til det opne møtet i kulturhuset måndag ettermiddag møtte kring 70 personar fram for å få orientering om planane. Dei fleste som var der kjem i kategorien godt vaksne, og nokon gav endåtil uttrykk for at det hastar med å koma i gang. Otto Blokhus var ein av dei, han går i sitt 87. år.

– Visst eg skal få flytta inn i seniortunet, og det vil eg så gjerne, så hastar dette veldig no. Det kan de vel sjå på meg, sa Blokhus. Han minna om at det har vore snakka om eit slikt prosjekt på Husnes i minst 10 år og at det no er tid for handling.

Frivilligsentralen si seniorgruppe 62+ var arrangør av møtet og er venteleg meir enn nøgd med det store frammøtet. Derimot var arrangørane noko skuffa over at berre to av kommunestyret sine 35 representantar fann det interessant å koma. Men ordføraren var der, like eins leiaren i Levekårskomiteen, Stein Olav Ølvestveit. Dei to blir viktige i det føreståande arbeidet.

Innleiingsvis orienterte representantar frå Stiftinga Sosialbygget på Voss om sitt prosjekt, som inneheld totalt 108 leiligheter i ulike storleikar fordelt på tre bygg i sentrum av Vossevangen. 17 av leilighetene er tilrettelagt for ektepar. Stiftinga har sidan starten på 1970-talet også leigt ut lokale til merkantile aktørar, noko som har betydd mykje for finansieringa.

Dagleg leiar for prosjektet på Voss, Ove Jørgen Mørkve, streka under at dei heile tida har prøvd å unngå at bygga skal ha preg av å vera ein institusjon. Vi vil lengst mogleg vekk frå den tanken, sa han, og peika på at godt miljø og trivsel for den enkelte står i fokus. Alle leigetakarar skal i utgangspunktet kunna greia seg på eiga hand, men dei som har behov for det, har likevel same krav på hjelp frå det offentlege som alle andre. Mørkve meinte òg at det er ein stor fordel at eit slikt senter ligg i, eller svært nær sentrum.

Husnes

På Husnes tenkjer ein seg eit liknande prosjekt som på Voss, om enn i mindre format, med ulike former for næringsverksemd og/eller kontor i første etasje og leiligheter og andre fasilitetar i etasjane over. Kanskje eit bygg med 30 – 40 leiligheter i første omgang, sa Otto Blokhus.

Etter det som kom fram på møtet, tyder mykje no på at det blir meir fart i planane om eit seniorsenter på Husnes, men at det likevel er ein lang veg å gå. Sigurd Ness, leiar for heimetenestene i ytre Kvinnherad, sa blant anna at vi er nøydde til å tenkja nytt. I hans sone er det spørsmål om korleis vel 8000 menneske skal bu når dei blir eldre.

Ness hadde ikkje tru på at Kvinnherad kommune kjem til å byggja fleire sjukeheimsplassar i åra som kjem. Det blir heller meir snakk om å prioritera sterkare korleis pengane vi har blir brukte. Han streka òg under at utifrå ein slik filosofi er det viktig at kvar og ein planleggjer sin eigen alderdom. Soneleiaren visste ikkje om andre kommunar på vår storleik, som har så mange eldre einsame som nettopp Kvinnherad. Han såg for seg at prosjektet ein no snakkar om på Husnes blir eit samarbeid mellom det offentlege og private utbyggjarar. I første omgang må det lagast eit forprosjekt.

Sentral tomt

Geir Jakobsen i Husnes Storsenter fortalte at dei har ei ni mål stor tomt midt i sentrum, som eigarane per i dag ikkje veit kva skal brukast til. Han meinte tomta ville vera perfekt til eit seniorsenter og kasta fram fleire idear til korleis alt kunne utvikla seg. Draumen er at det kan byggjast eit nytt helsehus i sentrum av Husnes, der offentlege tenester innanfor sektoren blir samla under eitt tak.

Rådmann Torstein Aarthun trudde det blir endå betre å bu i Husnes sentrum i framtida, og oppmoda initiativtakarane til å halda fram arbeidet med eit seniorsenter. Han såg for seg fleire modellar å arbeida vidare med, Voss-prosjektet er ein modell. Finansiering og plassering blir viktige tema å få avklart i det vidare arbeidet, sa rådmannen.

Ordførar Peder Sjo Slettebø tykte det er bra med initiativ frå innbyggjarane. I dette konkrete tilfellet vil det vera positivt for utviklinga av Husnes sentrum, sa han. Det er også viktig å gjera regionsenteret så attraktivt som mogleg, sa ordføraren.
Soneleiar Sigurd Ness følgde opp med å påpeika at det er viktig å tenkja mest mogleg på at seniorsenteret skal bli ein bustad for eldre, ikkje ein institusjon.

Otto Blokhus avslutta møtet med å seia at einsemd blant eldre menneske er i ferd med å ta knekken på samfunnet vårt, og at det difor er heilt nødvendig å koma vidare med planane om eit seniorsenter på Husnes snarast mogleg. Vi kan ikkje berre sitja og sjå på denne utviklinga, sa han.

– Dette må og skal vi få til, avslutta ein oppglødd Blokhus. Berre sjå på formueslistene i avisene om dagen, her er rikeleg med pengar å henta, sa han.

Eit av måla for Stiftinga Sosialbygget på Voss er å redusera einsemd og isolasjon, noko dei i stor grad har lukkast med, vart det sagt på møtet i kulturhuset måndag.

Av Kristian Hus