Politisk idédugnad om Husnes
24. april 2018
Husnes Vekst vil ha større fokus på viktige problemstillingar og muligheter
23. august 2018
Vis alle

Historien om ein skog

Mange irriterer seg over at kommunen ikkje ordnar opp i Bogsnesbrekka. (Foto: Kristian Hus)

Går du tur på den nye og fine gang- og sykkelvegen i Bogsnesbrekka på Husnes kan du ikkje unngå å leggja merke til all skogen som ligg til nedfalls like ved. Mange irriterer seg grenselaust over at Kvinnherad kommune lar det liggja slik i årevis, utan å ta affære. 

– Har ikkje kommunen tilsette som kan rydda opp i slikt? spør mange forbipasserande seg. Lokale politikarar har visstnok òg engasjert seg i saka, men til inga nytte, ser det ut til. Slik skal det i alle fall ikkje sjå ut langs vegane i regionsenteret!

Saka er heftig diskutert på Facebook, og her følgjer ein del av det som er skrive:

Kent Are Kjørsvik Petterson 

Då uttalar du deg på eit for lite kunnskapsgrunnlag. Dette har eg teke opp med rådmannen ved fleire høve. Han har hatt befaring av skogen med aktuelle skogsarbeidarar med tanke på å ta ned alt. Det same området har vedtak om tilrettelegging av infrastruktur for bygg av bolig. Vedtaket vart fatta i april, meiner eg. 

Men rett skal vere rett. Fyrste gong eg purra på å ta ned skogen var for 6 år sidan. Har vel aldri vore så nærme som no.

Kristian Hus 

Inntrykket av offentleg verksemd forsterkar seg: Det tar ofte uhorveleg lang tid når noko skal gjerast, sjølv ei enkel oppgåve som dette dreg ut. Men å bruka så lang tid på å finna fram ei motorsag og setja folk i arbeid, er bortimot latterleg. Og det nyttar ikkje å skulda på rådmannen lenger, han har gjort sitt i Kvinnherad kommune. No må andre ta grep. Her må då finnast folk med meir initiativ i denne kommunen, tenkjer mange.

Kent Are Kjørsvik Petterson 

Einig med deg! Lurar meg på om det var no i mars eg såg dei hadde befaring. Hadde eit håp om at det skulle takast med ein gong. Ser ut til at eg må vente i spenning ei stund til.

Torunn Thorsen 

Det der har eg òg forundra meg over! Det må då vera risikabelt å vandra inn der, ikkje ufarleg, vil eg tru.

Jone Harkestad 

Det har nok med å gjere at marknadsverdien av skogen som står i området, er så låg at skogeigaren må betale entreprenøren for å hogge han ned.

Kristian Hus 

Men seks år,  Jone, kor lenge skal ein skogeigar venta på betre pris? Dessutan er det vel ikkje snakk om så veldig mange tre som må vekk, så det økonomiske aspektet og pris på tømmeret kan vel ikkje trekkjast inn i ei slik sak?

Kent Are Kjørsvik Petterson 

Lønsamt eller ei. Kommunestyret har fatta vedtak om at området skal tilretteleggjast med infrastruktur slik at det skal vere byggjeklart til den som måtte ønskje å utvikle området.

Jone Harkestad 

Kulturlandskapspleie med tanke på visuell/estetisk verdi, har diverre vert nedprioritert i denne kommunen i alt for lang tid. Arbeidet kostar, og det må grunneigar betale for, offentlege som private. Sett i samanheng med store investeringar elles i Husnesområdet, så er dette småpengar.

Inge Audun Røssland 

Eg trudde eigarane var forplikta til å sikra sitt område. Dette kan jo vera ein fare for kven som helst som tullar seg inn i skogen. Kven vil i så fall ta rekninga? Kan bli ein dyr skog.

Ølver Hjelmeland 

Store areal vart på 50- og 60-talet på statens bekostning tilplanta med gran. Det skulle redda dei små bruka våre. Hadde prisane på tømmer og hogstkostnadane vore relativt dei same no, hadde det vore ein kjempesuksess. Røyndommen ligg lett synleg her.

Bergljot Bruåsdal Hesvik

Ja, det vart planta mykje stygt som skulle gje gevinst no. Grana er ikkje det naturlege her, men statleg forvaltning den gongen som no styrer etter vyer og populisme…

Her på tunet sette onkelen min foten ned for den plantinga og i dag kjem dei som planta mest og ber om bjørkeved her. Poenget er at vi bør ha forvaltning som ser verdien på det naturlege ressursgrunnlaget, økonomiplanlegging bør vera mangsysleriet og ikkje sektortenkjing.

Ølver Hjelmeland 

Det er ikkje gjeve noko menneske å sjå fram i tid. Vi lyt alltid gjera det som tykkjest rett i augneblikket. I ettertid kan det visa seg riv ruskande gale.

Bergljot Bruåsdal Hesvik 

Tja, ikkje heilt enig i det. Historisk sett har vi vel ein Tokje om at mestedelen går i ring. Naturressursar styrer kanskje betre enn menneska, men det er no lov å bruka litt tanke og logikk i fornuftig lei. Men inkompetansen ser ofte utfor å gå føre, då systemtenkjing også er ein slags sysselsetjing i verdien.

Steinar Kleven 

Kommunen har i mange år brukt området nedanfor brannstasjonen som fyll- og lagringsplass for massar og anna avfall. Skråninga er farleg for utrasing og området ser fælt ut. Slikt går berre an i Husnesområdet som har mange like «flotte» og midt i synet fyllplassar frå før. 

Kva har me Husnes Vekst til, til dømes?

Svein Øvstebø 

Á propos det å venta, denne avisartikkelen illustrerer kanskje at tålmodigheten blant innbyggjarane i dei ulike bygdene i kommunen er proporsjonal med avstanden til sentrum: https://www.kvinnheringen.no/…/dette-er…/s/5-27-87110