Nytt liv i gammal turveg-idé
17. april 2018
Historien om ein skog
18. juni 2018
Vis alle

Politisk idédugnad om Husnes

Olav Melkevik (i midten) fekk ros for innspelet sitt på møtet. Både Åsmund Kåre Rørvik i Husnes Vekst (t.v.) og ordførar Peder Sjo Slettebø sa seg enig i at det handlar om trivsel i kvardagen at det er fint og ryddig over alt på Husnes.

– Kva er viktig for å utvikla Husnes i åra framover? Det spørsmålet var utgangspunktet for Kvinnherad Høgre sin invitasjon til ope møte med debatt om temaet. Då skulle ein også trudd at møtelokalet ville vore overfylt av engasjerte husnesingar i alle aldrar måndagskvelden. Men slik vart det ikkje; av dei 17 lokale personane som deltok, var berre sju frå Husnes, resten tilhøyrde stort sett partiet si kommunestyregruppe. Venteleg fekk dei noko å tenkja på, som kan takast med i det vidare arbeidet.

Det vart i alle fall ein interessant og konstruktiv debatt om korleis regionsenteret Husnes kan utvikla seg. Ordførar Peder Sjo Slettebø leia møtet og slo innleiingsvis fast at det er viktig for heile Kvinnherad å ha eit sterkt sentrum med eit godt handelssenter, gode skuletilbod og eit attraktivt idrettssenter med ulike fasilitetar. Han trekte også fram opprustinga av Opsangervegen, det nye tenestesenteret på Husnes, kommunen sin bustadpakke og rehabiliteringa av Husnes Hotell, forutan arbeidet med ny fleirbrukshall. Sentrumsnære bustader for eldre, er eit anna tiltak.

– Alt dette er gode løft for heile husnesområdet, meinte ordføraren. Vi har gjort mykje på dei vel to åra Høgre har site med makta, tykkjer eg, men vi må vidare og skapa eit endå betre samfunn.

Forskjønning

Olav Melkevik (83) var kanskje den som sette mest fyr i debatten med å ta opp det som handlar om trivsel og reinhald i kvardagen. Han kom til Husnes i 1965 og tykkjer bygda ber preg av dårleg stell og vedlikehald, spesielt på område som kommunen eig.

– Politikarane må sjå meir enn berre på dei sentrumsnære områda, og dei store tinga, sa han, og nemnde fleire forhold som må kunna forbetrast, utan at det kostar all verda. Det gjeld til dømes skeive lysmastre, manglande markørar for brannhydrantar, skeive namneskilt på vegar her og der og ei generell mangel og interesse frå kommunen si side om at det skal vera fint over alt i bygda.

Leiaren i Kvinnherad Høgre, Erlingur Nielsson, tykte det var bra med slike innspel frå folk som bur på Husnes. Dette har med alminneleg trivsel å gjera, sa han. Han var samtidig klar på at innspelet ikkje berre var eit spark til kommunen, men like mykje til både private bedrifter og folk flest i bygda.

– Kanskje Husnes Vekst kan merka seg dette innspelet og gjera noko med problema? spurte Knut Johannes Helvik. Han meinte problema Melkevik tok opp også har noko med folk sine haldningar å gjera.

Programarbeid

Møtet var starten på Kvinnherad Høgre sitt arbeid med valprogrammet for neste periode. Seinare skal det haldast liknande møte rundt om i kommunen. Partileiar Erlingur Nielsson trekte fram det påtenkte seniortunet på Husnes som ei viktig sak i så måte.

– Vi kjem til å vera tydelege i programmet vårt om denne saka, sa han.

Åsmund Kåre Rørvik i Husnes Vekst tykte ikkje at det har skjedd all verda når det gjeld kommunen sitt arbeid for å utvikla regionsenteret, og etterlyste meir synleg framgang. Han sakna også tiltak som kan bidra til at Husnes blir meir attraktivt for bedrifter som vil etablera seg her. Dessutan stilte han spørsmål ved kva som kan gjerast for å styrkja handelssenteret.

Rørvik kasta også fram ideen om å flytta Husnes helsesenter til sentrum, og etterlyste samtidig sentrumsnære tomter for bustadbygging. Ny bru over Hellandselva, med forlengjing av gang- og sykkelvegen frå sentrum, må etter kvart også koma på agendaen, sa han.

Kvinnherad – Stord-sambandet

Samferdsle var eit anna tema, og ikkje uventa kom ferjesambandet Kvinnherad – Stord opp i dette møtet også. Rørvik, som tidlegare har teke til ordet for ferje mellom Sunde og  Jektevik, håpte at Høgre vil stå på for Kvinnherad si framtidige tilknyting til E39 med sørleg kryssing av Langenuen. Han håpte også at partiet vil pressa på for å få ei konsekvensutgreiing for tilknytinga til E134 over Haukeli.

Marianne Lund Anderssen, dagleg leiar ved Valen sjukehus tok òg opp ferjeproblematikken til og frå Stord og meinte Kvinnherad har fått eit gammaldags omdømme på grunn av situasjonen som er no. Sjukehuset er avhengig av eit godt ferjetilbod, sa ho. Til det svara ordføraren at arbeidet med å få ned seglingstida har høg prioritet i Kvinnherad kommune. Han meinte politikarane på Stord etter kvart også har innsett at dei er avhengige av Kvinnherad, og at det no er håp om betring.

Også større satsing på reiselivssektoren med til dømes samarbeid med Reisemål Hardanger, vart trekt fram som viktige argument for framgang og vokster.

Ny glanstid

– Det er mykje å gle seg over, sa Sjo Slettebø til slutt i møtet. Han såg fram til ei ny glanstid både på Husnes og elles i kommunen når B-hallen på Hydro kjem i drift igjen.

Ove Trellevik i Stortinget sin kommunalkomite, ein sann ven av Kvinnherad, som han blei kalla, var med på første del av møtet. Han sa blant anna at komitéen trong gode innspel frå Kvinnherad og peika på at lokalpolitikarane ofte ikkje får gjort jobben sin på ein skikkeleg måte på grunn av motstand både frå fylkesmannen og andre overordna statlege etatar.

Ordførar Sjo Slettebø spurde korleis prosessen med utflytting av statlege kontor frå Oslo gjekk, og viste til Odda kommune som har vore flinke til å stå på meir enn andre.

– Ja, det handlar mykje om å vera kreative og aktive sjølve, sa Trellevik. Han såg på Kvinnherad som ein kjempeflott kommune, ja, nærast ein idealkommune sett med ein stortingspolitikar sine auge. Her er eit godt næringsliv og masse flinke folk, så det er all grunn til å lytta til innspel som kjem herifrå, sa han.

kh

Stortingsrepresentant Ove Trellevik tok blant anna for seg forholdet mellom staten, fylkeskommunen og kommunane