Optimisme på årsmøtet:
Husnes Vekst vil bli ein tydelegare aktør
9. mars 2018
Nytt liv i gammal turveg-idé
17. april 2018
Vis alle

Fin tursti ved Opsangervatnet

Turstien er eit løft for Husnes. (Foto: Kristian Hus)

Vi har gått den nye 402 meter lange turvegen på Husnes – for aller første gang. Sist vi gjekk der trakka vi i myrlendt terreng og sørpe. Prosjektet Turstiar Sunde, Husnes Vekst, LHL Kvinnherad og Frivilligsentralen står bak den nye vegen ved Opsangervatnet like utanfor sentrum. Alt i alt er det lagt ned mellom 600 og 700 dugnadstimar av mange frivillige i dei åra arbeidet har pågått.

Prosjektet har kosta rundt ein halv million kroner, og største bidragsytar har vore Sparebank1-stiftinga Kvinnherad med 300.000 kroner. Også Sparebanken Vest deltok med 100.000 kroner gjennom prosjektet Hjertebank, forutan at prosjektleiinga med Bjørn Heimvik i spissen fekk inn eit tilsvarande beløp.

Rundt heile vatnet
For mange år sidan lanserte Husnes Vekst ideen om å laga ein turveg rundt heile Opsangervatnet, og ein slik tanke er visstnok levande den dag i dag. Det skal bli spennande å følgja med på om eit slikt prosjekt nokon gong let seg realisera. Vi kan i alle fall håpa på det.

Stor takk og ære til alle som deltek i slike helsefremjande tiltak i lokalsamfunnet. Dette siste prosjektet er eit nytt løft for Husnes.

kh