Husnes Vekst – organisasjonen for deg som vil vere med å gjere bygda di endå betre
Foto: Kvinnheringen
Husnes Vekst er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Vi arbeider for at området blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for å skapa eit godt bu- og livsmiljø for innbyggjarane.

Husnes Vekst ønskjer å vera pådrivar for å få nye bustadområde, friområde, stader for leik og område der næringslivet kan utvikla seg. Husnes Vekst ønskjer å vera ein aktiv medspelar for Kvinnherad kommune når det gjeld utbyggingssaker, reguleringsplanar og kommunedelplanar.